Hans Gude

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans Gude
Hans Gude Portrait 2.jpg
Fødd 13. mars 1825, Christiania
Død 17. august 1903, Berlin
Hans Gude på Commons

Hans Fredrik Gude (13. mars 182517. august 1903) var ein norsk kunstmålar under romantikken. Han var ein av våre fremste nasjonalromantiske målarane i Noreg.

Hans Gude var noko av eit vidunderbarn og fekk undervisning av Johannes Flintoe allereie som tolvåring, deretter gjekk han på Tegneskulen. 16 år gammal kom han til Düsseldorf i 1841. Her fekk han privatundervisning i eitt år før han fekk plass ved kunstakademiet i byen.

Gude arbeidde det meste av si yrkestid i Tyskland, der han som lærar først var knytt til Düsseldorf, deretter Karlsruhe og i dei siste tjue åra Berlin.

Gude mottok ei rekkje norske og utanlandske ordenar og æresutnemningar. I 1893 vart han tildelt Storkorset av St. Olavs Orden. Hans Gude var den første som vart gravlagd på Æreslunden på Vår Frelsers gravlund i Kristiania, da denne vart innvigd i 1903.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Brudeferd i Hardanger, 1848

Landskapsmåleria formidlar det storfelte i det norske landskapet, i mange tilfelle knytt til høgfjellet. Seinare vart motivkrinsen meir knytt til kysten. Bruken av lys og skugge, skyer og solgjennombrot er typisk i mange av Gudes måleri. Gude hadde stor innverknad som lærar og inspirator for ein generasjon norske kunstmålarar. Hans økonomiske støtte til mange yngre kunstnarar var med å legge grunnen for ein gullalder i norsk målarkunst.

Høifjæld, 1857

Hans mest kjende måleri er Brudeferd i Hardanger, som han måla saman med Adolph Tidemand. Gude måla landskapet og Tidemand personane. Måleriet vart til på bestilling til det store tablået i 1849 på Christiania Theater, der eit stort mannskor urframførte ein song av Halfdan Kjerulf (melodi) og Andreas Munch (tekst) over same tema. Både Tidemand og Gude var heime i Noreg dette året grunna dei revolusjonære hendingane i Sentral-Europa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hans Gude
Litteratur
  • Frode Haverkamp. Hans Gude. Aschehoug, 1992
  • Hans Gude. Af Hans Gudes liv og værker : kunstnerens livserindringer. Utgitt og med en biografisk indledning af Lorentz Dietrichson. 1899