Hans H. Engebrigtsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans H. Engebrigtsen
Fødd 13. september 1916
Død

21. januar 2002 (85 år)

Yrke flygar, jurist, faglitterær forfattar

Hans Hagbart Engebrigtsen (13. september 191621. januar 2002) var ein norsk flygar, jurist og kontorsjef i Norad.

Engebrigtsen deltok som frivillig i vinterkrigen i Finland, deretter i kampane i Noreg ved Mjøsa og i kampane i Gausdal i 1940.[1] Etter at kampane i Noreg var over kom han seg saman med ein kamerat til Grønland som blindpassasjer på fangstskuta «Ringsel». Etter ei strabasiøs ferd til USA slutta han seg til Little Norway og vart utdanna som flygar. Han vart overført til 330 skvadronIsland der han flaug Northrop. Seinare vart han overført til Skottland, der han flaug Sunderland flybåt og Mosquito.

Etter krigen vart han tilsett som kaptein i DNL, seinare SAS, samstundes som han heldt fram jusstudia.[1]

Han slutta i SAS, tok juridisk embetseksamen, og vart tilsett i Norad som kontorsjef.

Som pensjonist var Engebrigtsen aktiv som styreformann i Aker Eldreuniversitet.[1]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Nekrolog Hans H. Engebrigtsen». Aftenposten: 12. 30. januar 2002.