Hans Hansen Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hans Hansen Bergen (ca. 16101654) var ein av dei første europeiske nybyggjarane i den nederlandske kolonien Ny Amsterdam, og ein av kring 50 til no kjende innvandrarar frå Noreg til Ny Amsterdam, seinare New York.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Hans Hansen kom frå Bergen og var skipsbyggjar. Han utvandra til Ny Nederland i 1633, og dukkar opp i kjeldene med noko ulike namn og namneformer, vanlegvis som Hans Hansen Noorman eller Hans Hansen Boer (Boer er nedelandsk for 'bonde').[1] Hans Hansen er også referert til som Hans Noorman, Hans Hanszen, Hans Hanszen Noorman, Hans Hanszen de Noorman, Hans Hanszen Van Bergen in Norweegan eller berre rett fram Hans Hansen.[2]

Hans Hansen Bergen dreiv tobakksdyrking, først på Manhattan, seinare i dagens Brooklyn.[3]

I 1639 blei Hans Hansen gift med Sarah Rapelje, dotter av Jorens Janson de Rapalie. Saman fekk dei åtte barn, og som enkje gifta Sarah seg opp att med Teunis Gysbert Bogaert.

Spor etter Hans Hansen Bergen[endre | endre wikiteksten]

Hans Hansen åtte ein ein større grunneigedom i dagens Pearl Street på Manhattan, nær opptil det dåverande fortet. Seinare flytte familien til Wallabout Bay i Brooklyn, og blei av dei første busettjarane der. Wallabout Bay (Kvalbukta) er i dag skipsverft for den amerikanske marinen i Brooklyn. Hans Hansen Bergen er felles forfar til Bergen-familien på Long Island og i New Jersey. Bergen Street, Bergen Street Station, Bergen Pizza og Bergen Bagels i Brooklyn har direkte eller indirekte fått namn etter Bergen-familien. Derimot har Bergen-namnet i New Jersey ikkje samanheng med Bergen i Noreg.

Etterkommarane av Hans Hansen og Sara Rapalie hadde tilhald i Brooklyn til nyare tid og eigde større landområde i Brooklyn. Det har blitt hevda at så seint som midt på 1800-talet brukte Bergen-familien framleis nederlandsk som talespråk. Teunis G. Bergen, sjølv av Bergen-familien, gav i 1866 ei omfattande slektshistorie. [4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. [2]
  3. Evjen, John O. (1916). Scandinavian Immigrants in New York 1630-1674. K. C. Holter Publishing Company, Minneapolis, Minnesota, 1916.
  4. The Bergen Family, Or, The Descendants of Hans Hansen Bergen, One of The Early Settlers of New York and Brooklyn, L. I., Teunis G. Bergen, Bergen & Tripp, New York, 1866

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]