Hans Harry Wergeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Harry Wergeland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. desember 1940 (83 år)

Hans Harry Wergeland (fødd 19. desember 1940) er ein norsk industrimann og gründer frå Dalsøyra i Gulen kommune.

Etter å ha utdanna seg innan handel og jordbruk, overtok Wergeland som dagleg leiar i familieverksemda Halsvik Cementstøyperi i 1962, som produserte røyr og vegsikringar til kommunen, seinare også takstein. Fabrikken vart flytt til Sløvåg i 1987, og konsernet heiter i dag Wergeland-Halsvik AS.

Wergeland satsa med resten av familien sin sterkt i oljeservice-hamna i Sløvåg i 1992, m.a. med reinseanlegg for oljeavfall og steinknuseverk. Medan han var leiar for fabrikken, har familieselskapa også starta kabelferje mellom Duesund og Masfjordnes, og overteke eigarskapen av mellom anna Solund Skips Service AS og Eivindvik Hotell.

Hans Wergeland var ein av skiparane av Nordhordland Handverk og Industrilag i 1972 og av Gulen og Masfjorden Industriselskap i 1994. Han har vore styremedlem i begge laga i mange år.

Hans Wergeland vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 2006 for sin innsats innan utviklinga i næringslivet i Gulen kommune og Masfjorden kommune. Under utdelinga vart det også nemnt at Wergeland har gjeve stor støtte til mange frivillige lag og kulturprosjekt opp igjennom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]