Hans Hartung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Hartung

Statsborgarskap Tyskland, Frankrike
Fødd 21. september 1904
Leipzig
Død

7. desember 1989 (85 år)
Antibes

Yrke kunstmålar, teiknar, fotograf, kalligraf, grafikar, keramikar
Språk fransk
Medlem av Akademie der Künste Berlin, Bayerische Akademie der Schönen Künste, Académie des beaux-arts
Ektefelle Anna-Eva Bergman, Anna-Eva Bergman
Hans Hartung på Commons

Hans Hartung (21. september 19047. desember 1989) var ein fransk kunstmålar av tysk opphav, med fransk statsborgarskap frå 1946. Han er rekna for å vere ein av dei viktigaste representantane for abstrakt kunst, og opphavsmannen til den franske kunstretninga tachisme (fransk tache, «flekk») på 1950-talet, der han stod for ein nonfigurativ kalligrafisk versjon.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hans Hartung vart fødd i Leipzig i Tyskland og døydde i Antibes i Frankrike, der han og ektefellen hans, den norskfødde kunstmålaren Anna-Eva Bergman, hadde funne seg sin etterlengta heimstad. Anna-Eva Bergman hadde døydd 24 juli 1987, og Hans Hartung, som var sliten, sjuk og svekka av alderen, døyde altså eit par år etter henne. Etter Hartungs eige ynske vart oska hans spreidd utover Middelhavet.

Både morfaren og faren til Hans Hartung var lækjarar, amatørmusikarar og sjølvlærde kunstmålarar, og Hans Hartung synte tidleg evner for teikning. I åra 1912 til 1914 budde familien i Basel, og der fatta han interesse for astronomi og fotografi, og konstruerte sitt eige teleskop for å observere det som han karakteriserte som eit fragment av det verkelege. Ved å framstå som abstrakt for han, har på sett og vis tolkinga hans av observasjonane av himmelen føregripe dei seinare kunstneriske uttrykka hans.

I 1924 og 1925 studerte han filosofi og kunsthistorie i Leipzig, og fram til 1924 òg ved ein kunstskule i Dresden, der han vart fascinert av Rembrandt, Goya, Frans Hals, El Greco og etter kvart dei tyske ekspresjonistane Oskar Kokoschka og Emil Nolde. På eit fritt og forenklande vis kopierte han nokre av verka ved berre å gje att dei farga formene. Frå 1922 og framover laga han ein serie akvarellar der han utvikla eit system av svarte strekar og fargeklattar, og i 1923-1924 tok han i bruk trekol og blodraude fargar. I 1925 og 1926 var han innskrive ved kunstakademiet i Dresden, der han merka seg dei franske kunstmålarane sin veg frå impresjonisme til kubisme. Om sumaren reiste han på sykkel gjennom Italia og kom fram til Paris, der han budde fram til 1931, hadde to opphald i Barcarès i nærleiken av Perpignan og reiste i Belgia og Nederland, og han traff Anna-Eva Bergman og dei gifta seg i 1929 etter ei stutt trulovingstid. I 1931, etter eit opphald på Côte d'Azur om vinteren, hadde han si fyrste utstilling i Dresden, og året etter i Oslo saman med Anna-Eva Bergman, i samband med at dei ei tid budde og arbeida på Sørlandet.

Nazitida i Tyskland og andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Etter at far til Hans Hartung døydde og nazismen gjorde seg gjeldande i Tyskland, reiste han og ektefellen til Balearane, der dei fekk seg eit hus på nordkysten av Menorca. Utan pengar kom dei til Paris i 1934 og reiste via Stockholm til Berlin, deretter til Paris på grunn av det uakseptable nazistyret i Tyskland. I Paris vart dei vener med Jean Hélion og Henri Goetz, og møtte Kandinsky, Mondrian, Alberto Magnelli, César Domela, Joan Miró og Alexander Calder, som Hans Hartung stilte ut saman med. Mellom 1934 og 1938 måla han serien taches d'encre («blekkflekkane»), som var meir eit utslag av skort på pengar til å kjøpe målarsaker for enn eit målmedvite kunstnarskap. Han teikna med lukka auge med blekk på papir som han hadde fått av kelnerar på kafear der han hadde kjøpt seg ein cafés-crèmes, for slik å roe seg ned.

Dei økonomiske vanskane, sjukdom hjå Eva-Anna Bergman og skilsmisse frå henne, den tyske ambassadens inndraging av passet hans, vart letta av gjestmildskapen til Goetz og av at han fekk arbeide i atelieret til skulptøren Julio González. I 1939 gifta han seg med dottera, Roberta González, men skreiv seg òg inn på ei liste som friviljug i kampen mot Adolf Hitler. Trass i hans motstand mot nazismen, vart han likevel arrestert av franske styresmakter, som i 1939 hadde fastsett at somme av dei tyske borgarane som hadde tilhald på fransk jord skulle arresterast. Etter å ha vorte frigjeve 26. desember same året, melde han seg under namnet Jean Gauthier til den franske Framandlegionen (la Légion étrangère) for heile tida krigen kom til å vare, og vart send til Nord-Afrika. Men då det synte seg at han ikkje hadde den rette innstillinga til militær aktivitet, vart han gjeve opp, og demobilisert 8. september 1940. Deretter slo han seg ned hjå familien González i Lot. Men etter at Julio González døydde i 1942 og Frankrike vart okkupert av Nazi-Tyskland, reiste Hartung til Spania, der han snøgt vart fengsla og deretter sat i konsentrasjonsleiren Miranda del Ebro i sju månader før han kom seg til Nord-Afrika. Her melde han seg på nytt til Framandlegionen, denne gongen under namnet Pierre Berton, vart plassert i eininga for franskmenn, og fekk som oppgåve å få skadde og lik ut frå slagmarka og til ein trygg stad. Han vart stygt skada under frigjeringsåtaket på Belfort i Frankrike i novenber 1944, og fekk høgre beinet amputert på eit sjukehus i Dijon på grunn av skadane. Han kom attende til Paris i 1945, der han vart hjelpt av Calder, fekk fransk statsborgarskap i 1946, vart heidra med Croix de guerre 1939-1945 («krigskrossen 1939-1945»), médaille militaire og Légion d'honneur (Æreslegionen).

Hans Hartung, 1955.

Tida etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Hans Hartung og Anna-Eva Bergman gifta seg på nytt i 1957 etter å ha møtt kvarandre i 1952 og halde saman sidan då. No hadde dei vorte formelt skilde frå dei ektefellane dei til då hadde vore gifte med på kvar sin kant, og skulle etter dette halde saman heile livet.

Etter krigen tok Hans Hartung del i ei mengd utstillingar. Ei fyrste separatutstilling i galleriet Lydia Conti i Paris i 1947 gjorde han kjend for publikum og vekte positivt merksemd hjå kritikarane. Alain Resnais lagde ein film om han med tittelen Visite à Hans Hartung («Vitjing hjå Hans Hartung»), som vart synt fram i Tyskland i 1948 og i Paris i 1950. Frå 1949 hadde han mange separatutstillingar og kollektivutstillingar, og vart kjend med kunstnarane Gérard Schneider, Pierre Soulages, Georges Mathieu, Willi Baumeister og Mark Rothko.

Ekteparet Hartung-Bergman fekk bygd seg hus i Antibes i Sør-Frankrike. Dette vart teke over av ei stifting, Fondation Hartung Bergman, som tek vare på eigedomen og administrerer opphavsrettane til kunstverka deira.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]