Hans Henrik Holm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Henrik Holm
Forfatter Hans H. Holm - no-nb digifoto 20160216 00460 NB NS 000706V (cropped).jpg
Fødd 18. januar 1896
Oslo
Død

27. september 1980

Yrke skribent, lyrikar
Ektefelle Frøydis Haavardsholm
Hans Henrik Holm på Commons

Hans Henrik Holm (18. januar 189627. september 1980) var ein norsk lyrikar frå Oslo, mest kjend for eit lyrisk «folkeepos» skrive i eit arkaisk språk med røter i gamalt telemarks- og setesdalsmål.

Sjå upp yver heimegrendi
det blenkjer av ljos i aust.
Gud gåvar med eld oss menni
frå høglendet sæleraust.

Frå Yver bygdi ligg himeriksheim, fyrestevet

Hovudverket, folkeeposet som utkom 1933-1971 i sju band, er bygd over mytologisk og folkloristisk stoff. Holm var omstridd heilt frå han debuterte som diktar. Det arkaiske språket er vanskeleg å lese utan stød i ordforklaringar. Likevel fann Holm etterkvart eit lesande publikum. Bokmeldaren Olav Dalgard i Dag og Tid fann det arkaiske språket moderne: «Den gongen skulle alt vere så dagklårt og tydelig i alle måtar. No verkar dei mange framandslege glosene diktaren har henta fram or ordbøker og gamle målføre, og blenkt opp att som symbol for gamle truer og «mytisk tenkesett», langt meir moderne i samsvar med dagens krav på eit nytt suggestivt formspråk i lyrikken».

Mange reagerte òg på dei høge måla han sette for diktinga si.

Holm vart utnemnd til statsstipendiat i 1957, og han hadde kunstnarløn frå 1961.

Folkeminne-vítingi vert berre ei skåp-skjíping mot ands-tøtet i allheimen. Men eit bokverk som tek blålyse og stjørne-blík or myte-verdi vil allstødt gjøyme noko løynd-ljòde att i halvskuggen.Eit fjetrande dåm-spel åt ei kommande ætt. Under kvorvi tids-ånd murrar kjøvd svarm-trong. Stunding mot ei grofrék erve-kjømd vil truleg minne seg att.

Avslutningsordi i 31. kapitlet i Hard-røynd frå havland og dalsògur

Etter at Hans Henrik Holm døydde, vart diktarstova hans demontert frå leilegheita han hadde i Karl Johans gate 23 i Oslo og flytta til SetesdalsmuseetRysstad.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Folke-eposet[endre | endre wikiteksten]

  • I Jonsoknatt. 1933. Fyrsteutgåva llustrert av Frøydis Haavardsholm Ny umvølt utgåve 1965. Lyrikk
  • II Yver bygdi ligg himeriksheim. 1966
  • III Stjørnir og vetteljos. 1967
  • IV Sòga um kapergastane og deira våde-råm. 1968
  • V Valds-makt bland dalbuom. 1969
  • VI Attljód frå skuggheimen. 1970
  • VII Kongsfuglen yver gullfjølli. 1971
  • Hard-røynd frå havland og dalsògur, Litt ettergruning ved sluttboki av «Norsk folkeepos» 1972 (prosa) ISBN 82-05-00888-4

Bøkene er illustrerte med originaltresnitt av Niclas Gulbrandsen, Inggard Rosseland og Hans Gerhard Sørensen, prenta frå treplater beinvegs i bøkene,

Bygdir i solrøyk[endre | endre wikiteksten]

  • I lauvheid um vår. 2 bd. 1949. Dikt
  • Folk og fant. 2 bd. 1950. Dikt
  • Fjøllsus i dalgrøda. 2 bd. 1951. Dikt
  • Trakkferd i fjøllgrendom. Eit utval frå diktsyklusen Bygdir i solrøyk ved Willy Dahl. Gyldendal, 1977

Anna[endre | endre wikiteksten]

  • Sòga um Gamle-Kari og hennar himil-ferd. 1938. Prosa
  • Om norsk folkesjel. I: Studenterboka 1940.
  • Guds gnistrende ildfluer. 1941. Dikt
  • Raudt nordlyse : vilje-kveik og lentur i ei vargetid. 1946. Dikt
  • Vårhelg i Gaukelikleiv. 1947. Dikt
  • Fugl Føniks i eplehagen : visjoner i synd og lyst. 1948. Dikt
  • Illversrid : Visefugg frå krigsåri. 1950. Dikt
  • Heilagkvæde. Utval og forord av Kåre Langvik-Johannessen. Gyldendal, 1979
  • Soldryss i vårskogen. 1984

Priser og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Om diktaren
  • Fraenkl, Pavel. «Eit kritisk tilskott til Holms diktning». I: Syn og Segn, 1959
  • Hans Henrik Holm : Dikting og gransking gjennom 25 år. Damm, 1958. Omslagstittel: Hans Henrik Holm og det bygdenorske
  • Langvik-Johannessen, Kåre. «Hans Henrik Holms episke kunstverk». I: Ergo, 1978
  • Viestad, Haftor J. «Gobelin Norge. En innføring i Hans Henrik Holms Norsk folkeepos». I: Edda, 1969, 3
  • Kåre Langvik-Johannessen: utdjupande artikkel om Holm på snl.no