Hans Henrik Schultze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Henrik Schultze
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juli 1823
Død

28. juni 1873 (49 år)

Yrke skribent, politikar

Hans Henrik Schreiber Schultze (10. juli 182328. juni 1873) var ein norsk jurist og gardbrukar, fødd i Hof i Solør. Han var ordførar i Åsnes 1865-73 og stortingsmann 1868-73. Kona hans var syster til Ove Høegh.

Schulze var son til ein distriktslege. Etter å ha vorte cand.jur. i 1846 arbeidde han dei neste tre åra som sakførar og litterat i Christiania. Han stifta då Den litterære forening, der han vart formann. 1850-52 var han fullmektig hos sorenskrivar Aubert i Lofoten. Der etter var han kopist i Revisjonsdepartementet til han i 1854 flytta til Hof. Fyrste tida der var han fullmektig hos stiftsoverprokuratoren, men då det vart fritt for å drive sakførarkontor, flytta han til Åsnes og dreiv forretninga derifrå. Han kjøpte storgarden Møystad og dreiv denne etter nye metodar.

Schulze var ordførar i Åsnes frå 1865 og fremja både landbruket, skulestellet og samferdsla. Han representerte Hedemarkens amt på stortinga 1868-69 og 1871-73. Den fyrste valbolken hadde han sete i Protokollkomiteen, i den andre i Justiskomite nr 2.

Heile vegen frå 1840-åra til han døydde var Schulze ein aktiv skribent og publisist. 1847-48 var han redaktør av Hedmarks Amtstidende, 1854 av Kristianiaposten, 1866 medredaktør av det kortliva dagbladet Norge og utgjevar av vekebladet Skjemt og Alvor. Frå 1870 gav han ut og redigerte han Glomdals Tidende til han døydde. Han skreiv òg for andre blad og tidsskrift, dessutan forfatta han forteljingar og skodespel.

Schulze døydde på Rikshospitalet i hovudstaden og vart gravlagd på Vår Frelsers Gravlund der i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]