Hans Heyerdahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Heyerdahl

Selvportrett, 1892
Statsborgarskap Sverige, Noreg
Fødd 8. juli 1857
Smedjebacken
Død

10. oktober 1913 (56 år)
Oslo

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Far Halvor Heyerdahl
Ektefelle Christine Heyerdahl, Olga Heyerdahl
Born Fremming Heyerdahl
Hans Heyerdahl på Commons
Frå Åsgårdstrand, ca. 1887

Hans Olaf Halvor Heyerdahl (8. juli 185710. oktober 1913) var ein norsk målar, fødd i Smedjebacken i Dalarna i Sverige. Han var ein viktig føregangsmann for realismen i norsk målarkunst.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Heyerdahl var son til ein ingeniør og voks opp i Drammen. I 1873 tok han til på kunstkulen i Kristiania. Frå 1874 studerte han i lag med Eilif Peterssen ved kunstakademiet i München, der Ludwig Löfftz og seinare Wilhelm Lindenschmit var lærarane hans. Under verdsutstillinga i Paris i 1878 vart Heyerdahl tildelt ein gullmedalje for verket Adam og Eva drives ut fra paradiset, måla i 1877.

Åra 1878 til 1882 arbeidde Heyerdahl i Paris, der han som elev av Léon Bonnat vart påverka av friluftsmåleriet og av naturalismen. Eit hovudverk frå den perioden, Det døende barn, vart i 1882 kjøpt inn av den franske staten. Frå 1882 til -84 var han på studiereise i Italia, der han var i kontakt med den sveitsiske målaren Arnold Böcklin.

Frå midt på 1880-talet laga Heyderdahl fleire strandbilete med sol og svaberg. I Kristiania og Åsgårdstrand pleia han omgang med Christian Krohg, og den unge Edvard Munch. Mange av hans mest ettertrakta bilete syner sommaridyllar ved Oslofjorden. På 1890-talet måla han ei mengd portrett, samstundes som han prøvde ut eit symbolistisk biletspråk.

Heyerdahl var elles påverka av eldre såkalla klassiske meistrar. Fargebruken i mange av hans verk er prega av varme og vare fargetonar og stor lyskraft, skildringane er gjerne både sjel- og temperamentsfulle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]