Hans Holmboe
Hans Holmboe | |
![]() | |
Fødd | 8. oktober 1798 |
Død | |
Yrke | politikar |
Hans Holmboe på Commons |
Hans Holmboe (8. oktober 1798–23. mai 1868) var ein norsk skulemann og politikar. Han var rektor ved Bergen Katedralskule, og stortingsrepresentant i perioden 1833-1864. Holmboe er spesielt kjent for sitt samarbeid med Henrik Wergeland mot den sokalla jødeparagrafen i den norske grunnlova. Som tingmann høyrde Holmboe fyrst til opposisjonen, men inntok litt etter litt eit meir moderat standpunkt og vart i si siste tid rekna som ei av regjeringa sine mest trufaste støttarar.Som medlem og formann i Stortinget sin kyrkjekommisjon hadde han stor innflytelse på det norske skulevesenet. Han gav ut fleire småskrifter og ei mengd avisartiklar om pedagogiske spørsmål.
Holmboe vart blind i 1850, men vart likevel oppmoda om å halde fram i stillinga som rektor ved skulen. Som tilsett ved skulen underviste Holmboe mellom anna den norske pedagogen og skribenten Nordahl Rolfsen, som har skrive ein tekst om Holmboe sine siste dagar som rektor.
Holmboe vart fødd i Ervik på Trondenes i Troms i 1798, og var son av Jens Holmboe og Anna Margrethe Irgens. Han gifta seg med Welgjerd Endriette Løberg den 24. desember 1825.
Hans Holmboe døydde 23. mai på Sande i Vestfold, 69 år gammal. Han har i ettertid fått Hans Holmboes gate på Nygårdshøgda i Bergen oppkalla etter seg.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Tallak Lindstøl:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914, digital utgåve, side 394-395
- Biografisk informasjon om Hans Holmboe NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1798
- Døde i 1868
- Norske rektorar
- Stortingsrepresentantar for Bergen
- Stortingsrepresentantar 1833-1835
- Stortingsrepresentantar 1836-1838
- Stortingsrepresentantar 1839-1841
- Stortingsrepresentantar 1842-1844
- Stortingsrepresentantar 1845-1847
- Stortingsrepresentantar 1848-1850
- Stortingsrepresentantar 1851-1853
- Stortingsrepresentantar 1854-1856
- Stortingsrepresentantar 1857-1858
- Stortingsrepresentantar 1859-1861
- Stortingsrepresentantar 1862-1864
- Formenn av Det Norske Studentersamfund
- Folk frå Harstad