Hans Hurum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Hurum
Fødd15. april 1844
Hole
Død16. mars 1922
Hole
NasjonalitetNoreg
Yrkebonde, politikar

Hans Olsen Hurum (15. april 184416. mars 1922) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Hole i Buskerud.

Far til Hurum var gardbrukar på garden med same namnet. Sjølv gjekk han på Ringerike realskule i fem år og var 1865-67 styrar av skogsdrifta i Bangdalen i Nord-Trøndelag og sidan gardbrukar på Skamarka i heimbygda Hole. Han var medlem av heradsstyret i mange år, også ordførar. Elles var han medlem av tilsynskommisjonen for jarnbanene Kristiania-Drammen og for Randsfjordbanen.

Hurum representerte Buskeruds amtStortinget 1877-82 og 1889-91, heile tida medlem av jarnbanekomiteen. Han slo seg med i Høgre si stortingsgruppe.

Han døydde i 1922 på garden sin i Hole.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]