Hans Husum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Husum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. november 1947 (76 år)
Yrke kirurg, politisk aktivist
Politisk parti Arbeidernes kommunistparti
Medlem av Afghanistankomiteen, Palestinakomiteen

Hans Petter Husum (fødd 9. november 1947) er ein norsk ortopedisk kirurg og politisk aktivist med bakgrunn frå ml-rørsla.

Husum har jobba mykje med skadehandsaming og krigskirurgi i den tredje verda. Han har mellom anna arbeidd mange år som krigskirurg i Afghanistan for den norske Afghanistankomiteen. Han er kjend for å vera svært frittalande, og utsegnene hans har ei rekkje gonger skapt debatt i Noreg. Han er no knytt til Tromsø mineskadesenter der han driv opplæring i enkel og avansert skadehandsaming i ei rekkje konfliktområde.

I 2003 disputerte han til doktorgraden i medisin på ei avhandling om prehospital skadehandsaming i den tredje verda.

På 1970- og 1980-talet var Husum aktiv i AKP(m-l), og bidrog blant anna til helse- og arbeidsmiljøspalta i avisa til partiet Klassekampen.[1][2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Hans Husum er òg kjend som forfattar:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Side 418, Pål Steigan: Ein folkefiende, Aschehoug, Oslo 2013
  2. Side 47, Alf Skjeseth: Sykl på vatnet – historia om Klassekampen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]