Hopp til innhald

Hans Jørgen Wetlesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Jørgen Wetlesen

Fødd29. august 1775
Død9. november 1844 (69 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, militær
BarnAlhed Beate Wetlesen
Alle verv

Hans Jørgen Wetlesen (29. august 17759. november 1844) var ein norsk militær offiser fødd i Skjeberg.

Wetlesen var son til ein tollar. Sjølv var han offiser frå 1795. 1816-25 var hanmajor i ingeniørbrigaden. Etter ein sjuårsbolk som oberstløytnant i hæren, tok han til att i ingeniørbrigaden i 1832. Sjef i same frå 1833, deretter generaladjutant 1834 og generalmajor 1837.

Wetlesen representerte Bergen i Stortinget 1815-16. Han var med i 4 komitear, og var formann i komitéen om militære saker.