Hopp til innhald

Hans J. Henriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans J. Henriksen
StatsborgarskapNoreg
Fødd26. oktober 1903
Båteng
Død

4. september 1977 (73 år)
Oslo

Yrkeavisredaktør, omsetjar
PrisarKongens fortenestmedalje, Norsk kulturråds ærespris

Hans Jonas Henriksen, samisk Heandarat-Hánsa (28. oktober 19034. september 1977), var ein samisk språkforkjempar og pådrivar for samisk organisasjonsarbeid frå Båteng i Tana kommune.

Henriksen voks opp i eit samisk miljø i Tana, og hadde samisk som morsmål. Av den grunn arbeidde han i åra 1929 - 1956 som «språkmeister« for professor Konrad Nielsen, som heldt på med det som skulle bli fembindsverket Lappisk ordbok. Verket hadde mykje å seia for samane sin identitet, særleg ettersom norsk politikk overfor samane var prega av assimilering heilt fram til 1960-talet.

Henriksen var òg medarbeidar i ei faggruppe som utarbeidde ei ny samisk rettskriving. Tilråinga frå denne gruppa vart godkjent som felles nordsamisk rettskriving for Noreg og Sverige i 1948, og vert i daglegtale kalla Bergsland-Ruong-rettskrivinga. Denne vart brukt på skulen heilt fram til dagens rettskriving kom i 1979.

Karriere etter arbeidet med ordboka

[endre | endre wikiteksten]

Frå 50-talet og oppover var Henriksen engasjert for samane sine rettar på mange område. I 1953 vart han tilsett som kontorleiar i sekretariatet det nyoppretta Samisk Råd for Finnmark. Henriksen arbeidde her til 1963. I 1965-1970 var han kontorleiar for sekretariatet til Norsk sameråd[1].

3 år etter skipinga av Samisk Råd for Finnmark, i 1956, vart Nordisk sameråd skipa på ein konferanse i Karasjok. Henriksen var ein av møteleiarane under skipinga, og leia den norske fløyen av rådet i periodar. Nordisk sameråd arbeidde med spørsmål som samisk skule, undervisning, kultur, sosiale forhold og livsnæringane åt samane. Same året var Henriksen med på å starta det norsk- og samiskspråklege bladet Ságat saman med m.a. Thor Frette. I perioden 1957-63 var Henriksen også redaktør for Ságat. Elles heldt han føredrag om samiske emne og skreiv mykje i blad og aviser.

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

I 1974 fekk Henriksen både Kongens fortenestmedalje i gull og Norsk kulturråds ærespris for arbeidet sitt. Året etter vart han i tillegg statsstipendiat. Hans Jonas Henriksen døydde i Oslo i 1977.

Omsetjingar av Hans J. Henriksen

[endre | endre wikiteksten]
  • Luther ucca kátekismusaš (Luthers vesle katekisme), 1957
  • A. Amundsen: Mån åi'dnen su mánnán. Biibalhistor'ja (Eg såg han som barn), 1959
  • A. Prøysen: Sáppán-lávla (Musevisa), 1963
  • Låkkangirj'ji sámi-ja dárogillii (Samisk-norsk lesebok), bd. 1, 1965
  • Ellen G. White: Luoddat Kristusa guv'lui (Vegen til Kristus), 1975


  • Kyllingstad, Jon Røyne 2025: "Menneskeåndens universalitet. Instituttet for sammenlignende kulturforskning 1917-1940. Ideene, institusjonen og forskningen. Oslo: Institutt for sammenlignende kulturforskning, Novus forlag.
  1. Jf. Kyllingstad 2025 s. 523 med referanser til primærkjelder.