Hans J. Wegner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans J. Wegner
Statsborgarskap Danmark
Fødd 2. april 1914
Tønder
Død

26. januar 2007 (92 år)
København

Yrke møbeldesigner, kunstmålar, designar, arkitekt
Språk dansk
Hans J. Wegner på Commons
Stol av Hans Wegner, fotografert i Pompidou, Paris

Hans J. Wegner (2. april 191426. januar 2007) var ein dansk møbelsnikkar, møbelarkitekt og formgjevar frå Tønder.

Han tok fagbrev som møbelsnikkar i 1931, forsette utdanninga si ved Det Teknologiske institutt i Københamn og ved Kunst- og Håndverksskolen der han utdanna seg til arkitekt og tok eksamen i 1938.

I 1943 opna han sitt eige teiknekontor og der teikna han møblar for fleire danske møbeltilverkarar. Han formgav også sølvtøy, lampar og tapet, men det han er mest kjend for er stolane sine.

Nokre av Wegner-stolane[endre | endre wikiteksten]

  • 1944 Kina-stolen
  • 1947 Påfuglestolen
  • 1949 Den runde stol
  • 1950 Y-stolen
  • 1950 Teddybjørnstolen
  • 1953 Jakkens hvile
  • 1960 Pøllestolen (The Ox-chair)
  • 1965 Armstol
  • 1963 Skjellstolen
  • 1978 Avisstolen
  • 1986 Sirkelstolen

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1951 Lunningprisen
  • 1957 The International Design award. New York, USA
  • 1959 Royal Society of Arts, London, Storbritannia
  • 1959 Citations of Merit ved Pratt Institute, New York, USA
  • 1984 Riddar av Dannebrogordenen, Danmark
  • 1995 Æresmedlem af Akademiet for de Skønne Kunster, Danmark
  • 1997 Æresdoktorat ved The Royal College of Art i London, Storbritannia
  • 1997 The 8th International Design Award, Osaka, Japan

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]