Hans Jacob Hofgaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Jacob Hofgaard
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. oktober 1817
Død

15. september 1894 (76 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Hans Jacob Hofgaard (9. oktober 181715. september 1894) var ein norsk gardbrukar og stortingmann.

Hofgaard var fødd i Drammen, son til ein proprietær. Han vart utdanna til forretningsdrift og var handelsbetjent i Skien frå 1836, der han i åra 1844-48 var kjøpmann. I 1850 tok han over farsgarden Sjåstad i Lier, som han rydda og dyrka opp til å verte den med mest jordvidde i heile Buskerud. Han grunnla det fyrste meieriet i Lier og sette i gang ein trevarefabrikk og dreiv planteskule.

Frå 1853 til 1877 var han medlem av Lier heradsstyre. Han representerte Buskeruds amt på Stortinget i tida 1862-66, der han sokna til dei konservative grupperingane. På 1862-63-Tinget var han medlem av kyrkjekomite nr 2, i 1865-66 medlem av bankkomiteen.

Hofgaard deltok i 1880-åra i den politiske debatten, mellom anna ved å gje ut fleire småskrift. Han var elles mykje interessert i kyrkjelege spørsmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]