Hans Jacob Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Jacob Nilsen
Hans Jacob Nilsen i "Atlanterhavet" (1932).jpg
Fødd8. november 1897
FødestadFredrikstad
Død6. mars 1957
DødsstadOslo
Verka somskodespelar, filmregissør

Hans Jacob Nilsen (8. november 18976. mars 1957) var ein norsk skodespelar og teatersjef frå Fredrikstad.

Nilsen debuterte i 1922 i ein turne med Fru Inger til Østraat. Han fekk sitt gjennombrot på Centralteatret i 1928 som Falk i Kjærlighedens Komedie og arbeidde på Nationaltheatret i tida 1928–33. Seinare markerte han seg som ein nytenkjande instruktør og teatersjef ved Det Norske Teatret i Oslo (1933–34 og 1946–50), Den Nationale Scene i Bergen (1934–39) og Folketeatret (1952–55) i Oslo. Før andre verdskrigen sette Nilsen i Bergen mellom anna opp Bøddelen av Pär Lagerkvist, Vår ære og vår makt av Nordahl Grieg og Insektliv av Karel Čapek. Krigsåra var han flyktning i Sverige, arbeidde då ved Fri norsk scene. Mellom hans banebrytande oppsetjingar på Det Norske Teatret var både Jeppe på Bierget og Peer Gynt, sameleis med Brand på Folketeatret. Skodespelaren Nilsen stod for lysande rolletolkingar som Hamlet på Nationaltheatret i 1946, Peer Gynt på Det Norske Teatret i 1948 og Othello på Folketeatret i 1955.

Nilsen filmdebuterte i 1934 i Syndere i sommersol. Særleg markerte han seg som den fortvilte Berger i Tancred Ibsens To levende og en død (1937) etter Sigurd Christiansens roman. I 1951 både regisserte og spelte Nilsen hovudrolla i filmatiseringa av Dei svarte hestane av Tarjei Vesaas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]