Hans Jakob Horst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Jakob Horst
Fødd7. november 1848
Hammerfest kommune
Død17. mars 1931 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, banksjef
MedlemDen Norske Nobelkomite
Alle verv

Hans Jakob Horst (7. november 184817. mars 1931) var ein norsk skulemann, bankdirektør og politikar for Venstre.

Horst var fødd i Hammerfest, der far hans ei tid var kjøpmann. Han voks sidan opp i Tromsø, der han vart student frå Tromsø skole i 1867, cand. philol. vart han i 1874. I hovudstaden var han lærar ved Qvams skole 1871-73 og Maribogatens skole 1874-75. 1875 vart han adjunkt i heimbyen, overlærar 1886 og så rektor ved Tromsø høiere skole i perioden 1892-1908. Perioden 1909-26 var han direktør for Noregs Hypotekbank.

Horst var aktiv i lokalpolitikken i Tromsø, satt i bystyret i fleire periodar og var ordførar frå 1887 til 1890.

Horst var stortingsrepresentant for Venstre i periodane 1889-1903 og 1906-09, odelstingspresident i perioden 1892-99, lagtingspresident i perioden 1900-03. På alle tingsamlingane representerte han Tromsø og Bodø, med unnatak for den siste, då han var vald for Tromsø åleine. Horst var medlem av kyrkjekomiteen i alle år på Stortinget, sekretær i 1891 og frå 1892 formann i alle seinare sesjonar han var med på. 1902 var han formann i nøytralitetskomiteen. Han var 1890-93 medlem av den kongelege kommisjonen om dei høgare skulane i Noreg.

Horst var formann i Stortingets fredsforeining frå 1900, og president for den interparlamentariske konferansen i Kristiania i 1899. Frå 1906 til 1929 var han Noregs medlem av valdgiftsdomstolen i Haag. Han var medlem av Nobelkomiteen frå 1. november 1901 til han døydde. Han var nestleiar i perioden 1913-22 og leiar frå 21. august 1922 til 2. oktober same året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]