Hans Jenssen Krog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Jenssen Krog
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. desember 1808
Død

22. februar 1897 (88 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Far Wilhelm Frimann Krog

Hans Jenssen Krog (27. desember 180822. februar 1897) var ein norsk prest og stortingsmann frå Stavanger. Amtmann Wilhelm Krog var far hans.

Krog vart student i 1826 og cand. theol. i 1832. Han vart så personellkapellan hos prosten i Stavanger og timelærar på latinskulen i byen. Deretter var han residerande kapellan i Norderhov frå 1841 til -50. Han tok i 1850 i Fana til i sitt einaste sokneprestembete, eit embete han styrte i 39 år. Også i lang tid, 1854-91, medlem av forlikskommisjonen i Fana.

Krog var 4. representant frå Søndre Bergenhus amt 1859-60, 1862-63 og på omframstortinget 1864. I 1859-60 var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, 1862-63 av protokollkomiteen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914