Hans Johan Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Johan Jensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. november 1882 (141 år)
Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Hans Johan Jensen (fødd 23. november 1882) var ein norsk snikkar, småbrukar og stortingsmann for Arbeidarpartiet, fødd i Oslo og busett i Gol.

Jensen var son til ein «tømmermester» i Kristiania. I ungdomsåra gjekk han Treiders handelsskule og Den kongelege teikneskulen i heimbyen. Frå 1903 til 1909 var han i arbeid på Meråkerbanen, Bergensbanen og ved Noreanlegget. År 1909 kjøpte han garden Skogstad i Gol herad der han dreiv med snikring og hagebruk.

Jensen var heradsstyremedlem i Gol frå 1913 til 1940. Hausten 1927 vart han vald til å representere Buskerud og Arbeidarpartiet på Stortinget, han var då medlem i Tollkomiteen. Han lukkast ikkje verte attvald i 1930, men vart vald på ny i 1933 og sidan attvald i 1936. Frå 1934 hadde han alle sesjonane sete i Helsekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]