Hans Kaldager

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Kaldager
Fødd 21. oktober 1864
Død

7. desember 1944

Hans Kristian Sørensen Kaldager (21. oktober 18647. desember 1944) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Våle i Vestfold. Han representerte partiet HøgreStortinget i periodane 1910-12 og 1925-30.

Kaldager var son til ein gardbrukar. Han gjekk to vintrar på Jarlsberg amtsskule. Frå 1886 var han gardbrukar, overtok farsgarden Kaldaker i 1891. Gjennom fleire tiår var han den leiande kommunemannen i Våle; ordførar 1908-25 og 1929-31, formann i skulestyret og i likningsnemnda , samt leiar av den lokale sparebanken i 11 år.

Kaldager representerte einmannskrinsen Skoger på Stortinget i perioden 1910-12, der han var medlem i Tollkomiteen. Frå 1925 til 1930 var han på ny stortingsrepresentant, men då vald frå valkrinsen Vestfold fylke. Også dei to treårsbolkane var han medlem i Tollkomiteen. I 1926-27 hadde han sete i riksretten som frikjende Berge-regjeringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]