Hans Kristian Hogsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Kristian Hogsnes
Fødd17. oktober 1954
Tønsberg
Død30. desember 2010
Tønsberg
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, journalist, redaktør

Hans Kristian Hogsnes (17. oktober 195430. desember 2010) var ein norsk pressemann og politikar, fødd og død i Tønsberg. Han representerte partiet HøgreStortinget i perioden 2001-05.

Hogsnes gjekk Tønsberg gymnas 1970–73 og Rønningen Folkehøgskole 1973/74. Frå 1975 til -81 var han journalist i Tønsbergs Blad, deretter arbeidde han 1981 i Høyres Pressebyrå og var så redaktør i Høyres Avis 1981–84. Eit langt tiår, 1984-95, var han nattredaktør og vaktsjef i Tønsbergs Blad.

Hogsnes var politisk aktiv i Unge Høgre. I tida 1976-87 var han medlem i Sem kommunestyre, varaordførar 1985–87, og skulestyreformann i Sem 1984–87. Frå 1988 var han medlem i Tønsberg kommunestyre til 2001, ordførar dei siste seks åra. Han var 1992-95 også medlem av fylkestinget i Vestfold.

Valperioden 2001-05 sat Hogsnes på Stortinget frå Vestfold fylke, der han var andre nestleiar i Kommunalkomiteen. Etter 2005 var han rådgjevar i kommunalpolitikk for partiet Høgre. Ved sidan av partipolitikk engasjerte Hogsnes seg mellom anna i kyrkjelege aktivitetar og i fråhaldssaka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]