Hans Leo Hassler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Leo Hassler

Fødd27. august 1564
FødestadNürnberg i Tyskland
Død8. juni 1612 (47 år)
DødsstadFrankfurt am Main i Tyskland
OpphavTyskland
Aktiv1591-1612
SjangerRenessansemusikk, vokalmusikk
InstrumentOrgel
Verka somKomponist og organist
FarIsaak Hassler

Hans Leo Hassler (27. august 15648. juli 1612) var ein tysk komponist og organist i seinrenessansen og tidlegbarokken.

Han studerte med Andrea Gabrieli og arbeidde i Augsburg, Nürnberg og Dresden. Han omarbeidde protestantiske koralar («Psalmen und Christliche Gesänge», 1607, «Kirchengesänge», 1608) og skreiv motettar, messer, madrigalar, orgelverk og meir. Han har mellom anna komponert melodien til salmen «Nu hjertelig jeg lenges».

Stil[endre | endre wikiteksten]

Hassler var ein av dei første som førte innovasjonane frå den venetianske stilen over Alpane til Tyskland. Gjennom songane sine førte Hassler villanellen, canzonettem og dansesongane til Gastoldi og Vecchi til Tyskland. Som den første store tyske komponisten som gjorde ei «italiensk reise» var påverknaden Hassler fekk ei av årsakene til den italienske dominansen over tysk musikk og årsaka til at tyske musikarar ofte gjorde ferdig utdanninga si i Italia.[1] Musikarar som Lassus hadde arbeidd i Tyskland i årevis, men representerte den eldre skulen, prima pratica, den fullt utvikla og foredla renessansestilen polyfoni. I Italia dukka det opp nye trendar som var med på definere det som vart barokken. Musikarar som Hassler, og seinare Schütz, førte concertato-stilen, dei polykorale ideane og det frie kjenslemessige uttrykket frå venetianarane inn i tysk kultur, og skapte den første og viktigaste barokke utviklinga utanfor Italia.

Jamvel om Hassler var protestant skreiv han mange messer og dirigerte musikk for katolske tenester i Augsburg.[2] Då han var i teneste hos Octavian Fugger, tileigna Hassler både Cantiones sacrae og ei bok med messer for fire og åtte stemmer til han. Sidan det var behov for katolske vernarar og han hadde si eiga protestantiske tru, var musikkstilen hans ei blanding av begge religiøse musikkstilar som kunne nyttast i begge samanhengar.[3] Derfor finn ein mange av verka til Hassler i både den romersk-katolske kyrkja og den lutherske kyrkja. I tida i Augsburg produserte Hassler berre to verk som var spesifikt meint for den lutherske kyrkja. Då han var tilsett i fristaden Nürnberg, skreiv han Psalmen simpliciter i 1608 og denne vart tileigna byen. Hassler komponerte òg Psalmen und christliche Gesange, mit vier Stimmen auf die Melodeien fugweis komponiert i 1607 og tileigna denne til kurfyrste Kristian II av Sachsen.[4] Stilmessig syner dei tidlege verka til Hassler at han var påverka av Lassus, medan dei seinare verka hans er markerte av inntrykka han fekk under studiane sine i Italia. Etter at han kom attende frå Italia, innlemma fleirkorteknikkar, teksturkontrastar og stundom kromatisisme i komposisjonane sine. Dei seinare messene hans er kjenneteikna av lette melodiar i lag med den yndige og flytande stilen frå dei madrigalske dansesongane. Slik skapte han ein sjarmerande religiøs stil som var meir klangfull enn djupsindig.[5] Dei verslege madrigalane, canzonettane og songane med vokal og ricercarane, canzonaene, introitane og toccataene blant instrumentalene, synte meir avanserte teknikkar enn Giovanni Gabrieli sine i Italia, men med ein meir tilbakehalden karakter og alltid merksam på det vakre i lyden. Den største suksessen til Hasler fekk han med å kombinere dei tyske og italienske komposisjonsteknikkane i liederane sine.[6] I 1590 gav Hassler ut den første publikasjonen sin, eit sett på 24, firedelte canzonettaer. Lustgarten neuer teutscher Gesang, Balletti Galliarden und Intraden, som inneheld 39 vokale og 11 instrumentale stykke, er den mest kjende av Hassler sine lieder-samlingar. I dette verket publiserte Hassler dansesamlingar for fire, fem eller seks strenge- eller blåseinstrument med stemmer og utan generalbass.[7] Han komponerte òg Mein gmuth ist mir verwirret, eit femdelt stykke som seinare vart kombinert med tekst av Bernard av Clairvaux skriven på latinsk i 1153 (O Haupt voll Blut und Wunden) og nytta av Bach i hans Matteuspasjonen.[8]

I lag med mange av sine samtidige, prøvde Hassler å blande den italienske virtuose stilen med den tradisjonelle stilen som dominerte i Tyskland. Dette klarte han i den korale motetten ved å nytta ein grundig bass continuo og inkludere instrumental- og solo-ornamentering.[9] Motettane til Hassler syner denne blandinga av det gamle og det nye på ein måte som syner påverknad frå både Lassus og dei to firedelte korstilane til Gabrieli.[10]

Hassler vert rekna som ein av dei viktigaste tyske komponistane gjennom tidene.[2] Han nytta innovative italienske teknikkar, blanda med tradisjonelle, konservative tyske teknikkar, slik at komposisjonane hans høyrdest nye ut, utan den moderne affekterte tonen.[11] Songane hans presenterte ein kombinert vokal og instrumental litteratur som ikkje brukte noko form for generalbass eller opna for høvet til å bruke denne[11] og den religiøse musikke hans introduserte italienske fleirkorsstrukturar som seinare skulle påverke mange komponistar i barokken.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Canzonette (Nürnberg, 1590)[6]
  • Cantiones sacrae (Augsburg, 1591)
  • Madrigals (Augsburg, 1596)
  • Neüe teüsche Gesäng nach Art der welschen Madrigalien und Canzonetten (Augsburg, 1596)[6]
  • Masses (Nürnberg, 1599)
  • Lustgarten neuer teutscher Gesäng (Nürnberg, 1601)
  • Sacri concentus (Augsburg, 1601 og 1612)
  • Psalmen und christliche Gesäng (Nürnberg, 1607)[12]
  • Pslamen simpliciter (Nürnberg, 1608)[12]
  • Kirchengesäng (Nürnberg, 1608)
  • Venusgarten (Nürnberg, 1615) (instrumentalmusikk)
  • Litaney teütsch (Nürnberg, 1619)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Hans Leo Hassler» frå Wikipedia på engelsk, den 3. april 2010.
  • Blume, Friedrich. Protestant Church Music: A History. New York: W.W. Norton & Company, Inc., 1974.
  • Bukofzer, Manfred, Music in the Baroque Era. New York, W.W. Norton & Co., 1947. ISBN 0-393-09745-5
  • Fisher, Alexander J. Music and religious identity in counter-reformation Augsburg, 1580-1630. England: Ashgate Publishing Limited, 2004.
  • Grove, G. and Stanley, S. "Hans Leo Hassler", in The New Grove Dictionary of Music and Musicians, ed. Stanley Sadie. 20 vol. London, Macmillan Publishers Ltd., 1980. ISBN 1-56159-174-2
  • Reese, Gustave. Music in the Renaissance. New York: W. W. Norton & Company, Inc., 1959. ISBN 0-393-09530-4
  • Sandberger, A. Bemerkungen zur Biographie Hans Leo Hassler und seiner Brüder (Leipzig, 1905)
  • Sargent, Sir Malcom, ed. The Outline of Music. New York: Arco Publishing Company, Inc., 1963.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bukofzer 1947, s.83.
  2. 2,0 2,1 Reese 1959, s.687.
  3. Fisher 2004, s.158.
  4. Blume 1974, s.158.
  5. Reese 1959, s.688.
  6. 6,0 6,1 6,2 Reese 1959, s.711.
  7. Bukofzer 1947, s.112.
  8. Reese 1959, p.711.
  9. Sargent 1963, s.43.
  10. Sargent 1963, s.27.
  11. 11,0 11,1 Bukofzer 1947, s. 98.
  12. 12,0 12,1 Blume 1957, s.158.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]