Hans Lyche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Lyche
Fødd 14. april 1885
Død

1958

Yrke skribent, litteraturkritikar
Ektefelle Edith Øberg

Hans Christian Lyche (14. april 18851958) var ein norsk forfattar og kritikar frå Oslo.

Lyche debuterte i 1911 med romanen Aske, deretter kom han ut med novellesamlinga Forlat os vor skyld i 1913, samt romanane Negteren i 1916 og Skyer i 1917. I 1922 hadde han suksess med komedien Himmelstigen, framført på Nationaltheatret. Som forfattar var han «en utpreget stilkunstner og psykolog, med sans for det særegne tilfelle». Lyche var elles medarbeidar 1912-19 i avisa Tidens Tegn, og frå 1923 teater- og litteraturmeldar i Norges Handels- og Sjøfartstidende, begge avisene kom ut i Oslo. Frå 1946 var han formann i Norsk litteraturkritikerlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]