Hans Møller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Møller
Fødd 4. juli 1830
Gjerpen
Død

28. november 1911

Yrke politikar

Hans Møller (4. juli 183028. november 1911) var ein norsk næringsdrivar og stortingsmann frå Gjerpen i Telemark, son til Hans E. Møller.

Hans Møller var handelsstyrar frå ungdomsåra. I 1856 fekk han arbeid som kasserar i sjøforsikringsselskapet i Porsgrunn, styrar av selskapet frå 1867. Frå 1872 var han administrerande direktør i skipsassuranseforeininga «Det norske Lloyd». Han var styreformann i den lokale sparebanken i seks år og styremedlem i mellom anna Skienfjordens kreditbank.

Møller var medlem i Porsgrunn bystyre 1863-90, ordførar i til saman 18 år. Valbolkane 1871-73 og 1877-79 representerte han Porsgrunn på Stortinget, medlem i Gasje- og pensjonskomiteen den fyrste perioden og formann i same i den andre. I 1891 var han medlem i aksjelovkommisjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]