Hans Mathisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Mathisen
Hans Mathisen Herr Nilsen Oslo Jazzfestival (204001).jpg
Fødd27. juli 1967
FødestadSandefjord
OpphavNoreg
Sjangerjazz
Instrumentgitar
Verka somjazzmusikar, komponist, jazzgitarist
PrisarSpellemannprisen i jazz

Hans Mathisen (fødd 27. juli 1967 i Sandefjord)[1] er ein norsk jazzgitarist, utdanna ved Jazzlinja (NTNU) (1988-90) og kjend for sine Pat Metheny- og Wes Montgomery-inspirerte framføringar. Han er bror til jazzmusikarane Per Mathisen, Nils Mathisen og Ole Mathisen.[2]

Han spelte på Brinck Johnsens Lover man (1995). I bandet Quarternion spelte han med Jarle Vespestad trommer, Finn Guttormsen bass og Arve Henriksen trompet (Timbuktu, Turn Left 1997).

Han medverka i duo med Halvard KauslandGood bait (2003), samt laga musikk til Bent Hamers film Salmer på kjøkenet (2003). Bidrag har han òg gjeve på Kåre Conradis La det sne med Nora Brockstedt (2004), samt Conradis eigen God Dag (2005).

Mathisens første eigne utgjeving er Quiet Songs (Curling Legs, 2005) med eigne komposisjonar. Denne gav gode kritikkar og Spellemannprisen 2005 i klassen jazz. Musikarane var Johannes Eick bass, Per Oddvar Johansen og Gary Husband trommer. I tillegg spelte brørne hans, Ole Mathisen saksofon og Per Mathisen bass.

I Hans Mathisen Kvartett medverkar Olga Konkova piano, Per Mathisen bass, Per Oddvar Johansen trommer.

Elles leier han Sandefjord Storband og underviser ved musikklinja på Sandefjord vidaregåande skule. Med Espen Rud trommer og Jens Fossum bass har han reist for Rikskonsertene med framsyninga Vi improviserer.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Quiet songs (2005).[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]