Hans Memling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Memling

Statsborgarskap De sørlige Nederlandene, Tyskland
Fødd 1435
Seligenstadt, Mainz
Død

11. august 1494 (59 år)
Brugge

Yrke kunstmålar, kunstnar
Hans Memling på Commons
Tilbeding av kongen, ca. 1470
Dommedag, 1474/85

Hans Memling, (fødd mellom 1433 og 1440 i Seligenstadt; død 11. august 1494 i Brugge), også Jan van Mimmelynghe, Johannes Memmelinc og Memlinc, var ein tysk-fødd målar som flytta til Flandern og som måla i stilen til den eldre nederlandske skulen.

Frå 1460-åra til han døydde var han ein av dei leiande målarane, som måla både portrett og fleire store religions-verk, der han arbeidde i stilen han lærde i ungdomsåra frå meistrar som Rogier van der Weyden.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Memling er fyrste gongen nemnt i dokument frå 1465, då han får borgarskap i Brugge. I 1466 budde han i eit stort steinhus i Sint-Jorisstraat, eit hus han truleg kjøpte i 1480. På same tid og i same delen av Brugge budde målaren og miniatyrdesignaren Willem Vrelant, han var elles bokillustratør òg. Memling skulle eigenleg ha skaffa seg borgarskap i byen, men registrerte seg av ukjente grunnar i målarlauget i Brugge, seinare hadde han også assistentar og lærlingar i verkstaden sin. Lærlingar av han er nemnt i 1480 og i 1484. Michel Sittow si læretid i Brugge fann stad i desse åra, og med bakgrunn i stilistiske likskapar kan han ha vore ein av Memling sine lærlingar.

Minnet om Memling vart bevart fødebyen, der det i byrjinga av 1500-talet vart lese messer for sjela hans. Sidan vart han gløymd. Hovudverket hans er måleria i Johannishospital i Brugge. Då måleria vart gjenoppdaga av kunsthistorikarar voks det samstundes fram ei sentimental legende om målaren, som skulle ha skapt måleria i Johannishospital etter ei mirakuløs betring. Denne legenda heldt seg i lang tid, og vart seinare formidla i biletform av fleire målarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]