Hans Meyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Meyer

Hans Meyer (22. mars 18585. juli 1929) var ein tysk oppdagar, naturforskar og forleggar og den fyrste europearen til å klatre opp på Kilimanjaro, i 1889.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Meyer blei fødd i Hildburghausen i Thüringen som son av forleggaren Herrmann Julius Meyer. Han studerte natur- og statsvitskap og gjekk i 1884 inn i verksemda til faren, Bibliographisches Institut.

Oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Etter reiser til Aust-Asia (1886) og Nord-Amerika, så vel som Sør-Afrika (1886), tok Hans Meyer til å forske på Kilimanjaro. I 1887 greidde han for første gong å passere den daverande bregrensa ved 5 500 m.o.h. På grunn av mangelfullt utstyr måtte han avbryte ekspedisjonen. Før han forlét Afrika reiste han gjennom Kinganidalen og Usaramo.

I midten av august 1888 la han i veg for andre gong, denne gongen i lag med Oskar Baumann. Etter at dei hadde utforska fjellregionen Usambara forlét berarane ekspedisjonen på grunn av eit opprør som hadde brote ut ved kysten. Meyer og Baumann var dermed nøydde til å avbryte reisa og dra attende til kysten. Der vart dei tekne til fange og mishandla av opprørsleiaren Buschiri. Dei kom seg fri med å betale ein stor sum løysepengar.

Kilimanjaro[endre | endre wikiteksten]

Isbreen på toppen av Kilimanjaro.

For tredje gong la Meyer i 1889 ut på ei ny reise, denne gongen i lag med Ludwig Purtscheller frå Salzburg. Den 6. oktober 1889 stod Meyer på det høgaste punktet av kraterkanten til Kibo, som han døypte «Kaiser-Wilhelms-Spitze». Til skilnad frå Victoria-sjøen fekk altså Kilimanjaro namn av ei tapande kolonimakt, og har dermed også fått halde på det afrikanske namnet sitt. Meyer fekk også ny kunnskap om Ugwenfjella på denne reisa.

Seinare[endre | endre wikiteksten]

Hans Meyer drog i 1894 til Kanariøyane, 1898 på nytt til Kilimanjaro, gjekk rundt fjellet og slo fast at det tidlegare hadde vore ein isbre der. I 1903 drog han til Kordillerane i Ecuador.

Hans Meyer vart utnemnd til professor i 1899, og frå 1901 var han medlem av det tyske kolonirådet. Han døydde i Leipzig den 5. juli 1929.