Hans Michelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Michelsen
M Stoltenberg-Hans Michelsen.jpg
Matthias Stoltenberg: Portrett av Hans Michelsen
Fødd 1789
Død

20. juni 1859

Yrke bilethoggar

Hans Michelsen (178920. juni 1859) var ein norsk skulptør frå Leinstrand i Sør-Trøndelag.

Michelsen var son til ein gardbrukar. Etter å ha arbeidd i Trondheim, var han frå 1815 elev av Eric Gustav Göthe i Stockholm. I perioden 1816–19 fekk han som fyrste nordmann statsstipend medan han gjekk på Kungliga Akademien för de fria konsterna. I studietida fekk han fleire prisar og vann i i 1820 akademiet sitt skulpturstipend.

Michelsen reiste då til Roma, der han vidareutdanna seg hos Bertel Thorvaldsen i seks år. Han arbeidde 1828–42 i Stockholm, der han mellom anna modellerte Kristus og dei tolv apostlane på bestilling frå kong Karl Johan. Apostelgruppa vart laga i gips og i 1840 stilt opp i oktogonen i Nidarosdomen. Dette «største skulpturarbeid i Norge på 1800-talle» gjekk tapt under brannen i Erkebispegarden i 1983. Michelsen forma også monumentet over Herman Wedel-JarlsbergBygdøy i Oslo i 1841. Åra 1842-44 budde Michelsen i Trondheim, sidan i den norske hovudstaden til han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]