Hans Mustad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Mustad
Hans Mustad.jpg
Fødd26. januar 1837
Vardal
Død27. februar 1918
Kristiania
Statsborgar avNoreg
Yrkeforretningsmagnat
FarOle Hovelsen Mustad
BarnWilhelm Mustad

Hans Mustad (26. januar 183727. februar 1918) var ein norsk næringsdrivar frå Vardal i Oppland. Han var medeigar i firmaet O. Mustad & Søn, son til Ole Mustad. Kristian Mustad var ein bror.

Mustad vart medeigar i faren sitt firma i 1874, som då fekk namnet O. Mustad & Søn. Han starta opp med eksport av selskapet sine produkt, noko som mellom anna førte til at O. Mustad & Søn vart verdas største produsent av fiskekrokar frå fabrikken anlagt ved Brusveen i Vardal i 1878. Selskapet flytta dei fleste avdelingane til Lysaker i Bærum, der han mellom anna starta opp ein margarinfabrikk. Proteksjonisme i ulike eksportmarknder førte til at selskapet bygde opp fabrikkar i mange land.

I 1905 fekk alle dei fem sønene hans del i selskapet.

Fabrikkeigar Mustad var busett i bydelen Frogner i Oslo, der han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Minesterialbok for Vardal 1831-53
  • Minesterialbok for Frogner 1898-1921