Hans Nicolai Wraamann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Nicolai Wraamann
Fødd1. desember 1806
Død20. april 1861
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest

Hans Nicolai Wraamann (fødd 1. desember 1806 i Trondheim, død 20. april 1861) var ein norsk prest og ordførar i Ulstein.

Wraamann var son av handelsmann Asmus Wraamann. Han tok teologisk eksamen i 1831. Wraamann var sokneprest i Borge i Lofoten 1834-1844, i Ulstein 1844-1855, og i Volda 1855-1861.[1] Medan han var i Ulstein teikna Wraamann den nye kyrkja der. Han var og ordførar i Ulstein. Medan han var ordførar vart det vanleg å halde kommunestyremøta på prestegarden i Dimnasundet. Rasmus Aarflot og Mauritz Aarflot sytte for at Wraamann flytta over til Volda, saman arbeidde for oppretting av «Volden høiere Almueskole» som var utgangspunktet for Volda som skulestad.[2]

Wraamann var gift først med Mariane Jensine Paludan (1810-1845), så med Emiche Christine Trumpy (1809-1961). Han fekk til saman 10 barn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer, s.236.
  2. Bruaset, Oddgeir (1999): Sunnmøre og sunnmøringen. Det norske samlaget.