Hans O. Skurdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans O. Skurdal
Fødd 27. februar 1872
Død

15. november 1952

Yrke politikar, bonde

Hans Olsson Skurdal (27. februar 187215. november 1952) var ein norsk skulestyrar og gardbrukar frå Sør-Fron som representerte BondepartietStortinget i tre, til dels fire, valperiodar i tida 1922 til 1933.

Skurdal var son til ein gardbrukar. Han var elev 1889-91 ved hagebruksavdelinga på Ås landbrukshøgskule og deretter 1891/92 ved veterinær- og landbrukshøgskolen i København. Sidan var han stipendiat i Tyskland for å lære meir om frukttre og plantedyrking. I tida 1894 til 1899 var han gartnar og lærar ved Kalnes landbruksskole i Tune i Østfold. Frå 1899 var han så styrar av Fritzøe planteskole i Brunlanes til 1920. Han fekk skøyte på slektsgarden i Sør-Fron i 1911, men flytta dit fyrst i 1920. Skurdal var også skribent og gav ut småskrifter om skog- og hagebruk.

Skurdal var medlem av Brunlanes heradsstyre 1916-20. Hausten 1921 vart han vald til stortingsmann frå Oppland og representerte valkrinsen og Bondepartiet i åra 1922-27. Valperioden 1928-30 måtte han nøye seg med vere 1. vararepresentant til Stortinget, men møtte fleire veker både i 1928 og 1929. Stortingsperioden 1931-33 var han tilbake på fast tingsete. Dei to fyrste tingperiodane, 1922-24 og 1925-27, var han sekretær i Næringskomiteen. Valbolken 1931-33 var han sekretær i Lovkomiteen, dessutan odelstingspresident 1932-33.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]