Hans Offerdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Offerdal
Fødd23. september 1909
Lærdal kommune
Død19. august 1980 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, rådmann
Alle verv

Hans Offerdal (23. september 190919. august 1980) var ein tenestemann og politikar frå Lærdal. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i tida 1958-65.

Offerdal var son til ein snikkar og heradskasserar. Sjølv var han sjømann frå 1928 til -36. Åra 1937-39 var han assistent ved kommunekontoret i Lærdal. I tida frå 1940 til 1948 arbeidde han med offentlege forsyningstiltak; fyrst 1940-43 forretningsførar i Lærdal forsyningsnemnd, så 1943-47 forsyningsinspektør i Sogn og Fjordane, og til sist eitt år forretningsførar i fylkesforsyningsnemnda. Han fekk i 1948 jobben som kontorsjef i Leikanger kommune, ei stilling han hadde til 1976.

Offerdal var 1945-47 medlem av heradsstyret i Lærdal og 1952-55 i Leikanger. Ved stortingsvalet 1957 fekk han plass på Stortinget frå Sogn og Fjordane. Som Arbeidarparti-representant var han perioden 1958-61 sekretær i Utanriks- og konstitusjonskomiteen og 1961-65 medlem i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]