Hans Ormset
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hans Ormset | |
Fødd | 3. juli 1887 |
Død | |
Yrke | fotograf |
Hans Ormset (3. juli 1887–4. januar 1971) var ein norsk pioner innan fotografering i Aure kommune.
Ormset tok til å interessera seg for fotografering då han var liten. Deinare studerte han fotograering i to år hjå Aune i Trondheim og arbeidde der i enda eit år.[1] Han reiste så heim til Aure og bygde seg mørkerom på heimgarden på Ormset. Det var ikkje så mange fotografar tidleg på 1900-talet og Ormset reiste mykje og tok bilete i Aure, Valsøyfjord, Halsa, Tustna og Hemne.[2] Det finst eit stort arkiv med bilete etter han.[3] Mange av desse er i dag av stor historisk verdi. Det eldste kjende fotografiet hans er frå 1. maitoget i Aure i 1911.[2]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Detaljopplysninger fotograf, www.nb.no.
- ↑ 2,0 2,1 Arkivnr: FAKf-0012
- ↑ Fotoside, www.fosnakultur.no.