Hans P. Braadland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans P. Braadland
Fødd 8. april 1837
Vigmostad
Død

11. mai 1897
Sør-Audnedal

Yrke politikar, lærar, bonde

Hans Pedersson Braadland (8. april 183711. mai 1897) var ein norsk skulemann og stortingsmann frå Vigmostad i Vest-Agder.

Braadland var son til ein gardbrukar. Sjølv vart han seminarist frå Holt seminar i 1857. Allereie i 1855 hadde han teke til som lærar i Sør-Audnedal. I 1860 vart han tilsett som kyrkjesongar i Valle kyrkje i same bygda. Frå 1881 var han gardbrukar på Vigeland i Sør-Audnedal.

Braadland var medlem av heradsstyret i Sør-Audnedal frå 1868 til han døydde, ordførar frå 1872. Han var forlikskommissær frå 1871 og kasserar i sparebanken frå 1872. Ei tid formann i amtsskulestyret. Elles fekk han stifta brannkasse for soknet og oppretta meieri i bygda.

Braadland var 4. representant frå Lister og Mandals amtStortinget 1874-76, medlem av protokollkomiteen. Både i den føregåande og den etterfylgjande stortingsperioden var han 1. varamann til Stortinget frå same valkrinsen.

Han døydde på garden sin i Sør-Audnedal i 1897.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]