Hans Paludan Smith Schreuder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Paludan Smith Schreuder

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juni 1817
Sogndal kommune
Død

27. januar 1882 (64 år)
Untunjambili

Yrke misjonær, omsetjar, bibelomsetjar
Medlem av Det Norske Misjonsselskap
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ektefelle Jakobine Emilie Adelheid Schreuder, Johanne Margrethe Schreuder
Hans Paludan Smith Schreuder på Commons

Hans Paludan Smith Schreuder (18. juni 181727. juni 1882) var ein norsk misjonsprest, fødd i Sogndal. Han var den første av dei utsende misjonærane til Det Norske Misjonsselskap, og den første misjonæren til zulufolket som fekk lov til å busetja seg permanent i Zululand. I tillegg var han òg språkmektig og gav ut den første grammatikkboka for zuluspråket, i 1850.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Hans Paludan Smith Schreuder vart fødd i Sogndal i 1817. Han hadde alltid vore interessert i og sett misjonærvirke som sitt livsmål, og studerte derfor teologi og følgde forelesningar i medisin, som ei førebuing til misjonsgjerninga. I 1842 vart Schreuder kjend i Norge då han gav ut publikasjonen Nogle ord til Norges Kirke om christelig Pligt med Hensyn til Omsorg for ikkechristne Medbrødres Salighed. I motsetning til andre misjonærer som gjerne beskriv «misjonskallet» sitt, såg Schreuder misjonegjerninga meir som ei «plikt».

Karikatur av zuluane sin konge, Mpande, som Schreuder utvikla eit nært venskap til.

I 1842 vart Det Norske Misjonsselskap oppretta, og Schreuder vart selskapet sin første misjonær. Han kom til Port Natal (dagens Durban i Sør-Afrika) første nyttårsdag 1844. Frå Port Natal drog han nordover og kryssa Tugelaelva, der han etter å ha møtt zuluane sin konge Mpande, vart den første permanente misjonæren i Zululand. Her oppretta han etterkvart heile tolv misjonsstasjonar. Den første dåpen og omvendinga fann stad i 1858, heile 14 år etter at Schreuder var komen til Zululand. Han hadde begrensa suksess som misjonær, med knappe 300 omvendingar. Rettnok vert Schreuder framleis hugsa av zuluane, og mange av salmane hans på zuluspråket vert sungne den dag idag.

På grunn av den avgrensa suksessen i Zululand, møtte Schreuder motstand heimefrå. Folk forstod ikkje korleis han kunne bu der så lenge og bruka misjonsselskapet sine pengar og så ha så små resultat å visa til. I 1866 besøkte Schreuder Norge, og vart teken imot som ein helt overalt han drog. Han deltok på ein gallamiddag hjå statsministeren, og som attraksjon ved misjonsselskapet sitt kretsstemne i Haugesund, forårsaka han ei overbefolkning av byen. Så mange vil sjå pionérmisjonæren frå Zululand at innbyggjartalet vart femdobla.

Minnestein ved Stedje kyrkje i Sogndal.

I løpet av noregsbesøket vart Schreuder innsett som biskop, noko som gjorde arbeidet hans mykje lettare - fram til då hadde han vore den einaste av nordmennene i Zululand som var vigsla til prest, og derfor den einaste som kunne døype omvende zuluar. No kunne Schreuder, som biskop, vigsla medarbeidarane sine, og dermed sikra fleire prestar ved misjonsstasjonane i Zululand. For den teologiutdanna embetsmannssonen Schreuder var det viktig at berre prestar kunne døypa omvende og at berre ein biskop kunne ordinera nye prestar. På denne måten gjekk Schreuder imot NMS, som var ei sterk lekmannsrørsle.

Schreuder gifta seg to gonger. Første gong i 1858 i ein alder av 40 år med den to år eldre Jakobine Emilie Adelheid Løwenthal, andre gong i 1879 med Johanne Vedeler. Sjølv om Schreuder gifta seg to gonger fekk han aldri nokon barn.

Schreuder døydde i 1882, i Natal-provinsen i Sør-Afrika. Dei siste orda hans var «Ja, kom Herre Jesus, kom, kom!» Nils Astrup overtok misjonskallet etter Schreuder.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1842 – Nogle ord til Norges kirke om christelig pligt med hensyn til omsorg for ikkechristne medborgeres salighed (Chra) I fulltekst ved nb.no
  • 1842 – Noget om Martha Lassedatter Heggestad, eller Syne-Martha paa Veitestrand i Hafslo præstegjeld i indre Sogn : efter personlig samtale (Bergen) I fulltekst ved nb.no
  • 1843 – Talsmanden skal vidne om mig, men ogsaa I skulle vidne : afskedsprædiken, holden i Vor Frelsers kirke den sjette søndag efter paaske 1843 (Chra) I fulltekst ved nb.no
  • 1868 – Beretning om Schreuders ordination til biskop over den norske kirkes missionsmark i Bergens domkirke den 8de juli 1866, samt prædikener og foredrag af Schreuder holdte under hans nærværelse i hjemmet (Stavanger)

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1930 – Hovedverker av den kristne litteratur fra kirkefedrene til nutiden. Bind 14. Vidnesbyrd fra kristenlivet i Norge i det 19de århundre (Oslo: Lutherstiftelsen) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Nogen ord til Norges kirke om kristelig plikt med hensyn til omsorg for ikkekristne medbrødres salighet / Hans Paludan Smith Schreuder, s. 63-74]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]