Hans Ratvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Ratvik
Fødd 27. januar 1883
Død 6. juni 1966
Parti Venstre

Hans Ingvald Hansson Ratvik (27. januar 18836. juni 1966) var ein norsk gardbrukar, bankmann og politikar frå Borgund i Møre og Romsdal.

Ratvik tok over farsgarden i Borgund og dreiv denne til 1945. I perioden 1908 til -25 dreiv han i tillegg med kjøp og sal av fisk og fiskevarer i nærliggjande Ålesund. Frå 1928 til 1953 var han kasserar (dagleig leiar) av Borgund sparebank, som i hans tid reiste eit staseleg bankbygg i nærleiken av heimen hans.

Ratvik var medlem i Borgund heradsstyre frå 1914 til 1922 og frå 1932 til 1940 og i 1945. Han var ordførar 1920-22, varaordførar 1932-37 og ordførar 1938-40 og i 1945. Etter han hadde vore fyrste varamann til Stortinget i perioden 1937-45, vart han hausten 1945 vald til stortingsrepresentant for Venstre frå landkrinsane i Møre og Romsdal.

Perioden 1924-27 var Ratvik forlikskommissær i Borgund herad. Han så var formann i etterfylgjaren forliksrådet i tida 1929-43 og 1945-47. Mellom 1949 og 1965 var han både styrar og styreformann i Sunnmøre Museum. Samt 1956-65 formann i Borgund og Giske Bygdeboknemnd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]