Hans Reynolds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Reynolds (fødd 2. september 1876 i Porsgrunn, død 16. juni 1933 i Porsgrunn) var ein norsk journalist, skribent, folketalar, lyrikar og statsstipendiat. Han er hugsa for sine viser og dikt frå heimbyen, mellom anna «Porsgrunnssangen».

Han tok middelskoleeksamen i 1892, og drog deretter til sjøs. Seinare arbeidde han som journalist i Varden, i Vestfold i Sandefjord og i Porsgrunds Tidende, der han også var den fyrste redaktøren, i 1899. Seinare skreiv han i fleire år for Norske Intelligenssedler.

Reynolds debuterte som lyrikar med Sange og stemninger (1899), og gav ut i alt 4 diktsamlingar. Etter kvart forlét han journalistyrket og levde som fri forfattar og føredragshaldar, frå 1919 som statsstipendiat.

Reynolds vitja tidlegare norske område som Island, Grønland og Færøyane, og gav ut reiseskildringar derifrå under fellestittelen Hjaa gamalt norskt folk. Han var også engasjert i Grønlandssaka, i norrønt samhald og i målsaka. Han var i åra 1929–32 redaktør av tidsskriftet Norrøna (Tidsskrift fyr norrøn samvinna). Han fekk Melsomprisen i 1927.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Sange og stemninger (1899)
  • Folkekamp (1905)
  • Telerne i den norske her-soga (1909)
  • Heimlege tonar (1911)
  • Dagsens dikt (1920)
  • Hos gammelt norsk folk (1905, frå Færøyane)
  • Færøyarne – hjaa gamalt norskt folk (utvida utg., 1923)
  • Island – hos gammelt norsk folk (1907)
  • I vesterveg – hjaa gamalt norskt folk III – ferdaskildringar fraa Hebridarne, Orknøyarne, Shetland, Irland og Man (1912)
  • Gimsøy kloster ved Skien (1917)
  • Tilsjøs og iland : skisser fra en kystby (1920)
  • Ferdaminne frå Søre-Jylland (1925)
  • Grønland. Vestre bygdi (1926)
  • Porsgrunns-maal – Ordsamling og Porsgrunnsviser (1952) (Ny utg. 1980, ISBN 82-90068-05-0)
Om han
  • Hirth, Eirik. «Hans Reynolds» i Norsk aarbok; 1933
  • Haugholt, Karl. «Hans Reynolds og hans Porsgrunnsviser» i Edda; 1947

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]