Hans Robert Bruun
Hans Robert Bruun | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. april 1945 (78 år) |
Yrke | kokk |
Hans Robert Bruun (fødd 12. april 1945) er ein norsk kokk og konditor frå Oslo, kjend frå fjernsyn og Kokkelandslaget.
Bruun er utdanna konditor med kokk som vidareutdanning ved den vidaregåande skulen på Etterstad. Etter trettifem år ved Hotel Continental sin Anden Etage og Theatercafeen,[1] skifte han jobb til den nye Grand Café på Grand Hotel i Oslo. Bruun heldt fram der fram til konkursen i 2003. I 1989 vart han kåra til Årets kjøkkensjef for arbeidet ved Hotel Continental.
Fra 2003 til 2010 jobba Bruun ved Matspecialen AS der han m.a. var med å byggja opp nytt konditori. Saman med Toppen Bech laga han seks episodar av sommarfjernsynsserien På besøk i 1993, der dei to sjekka kjøleskapet til Ola Thune, Randi Bratteli, Erling Kagge, Erik Dammann, Åse Kleveland og Arve Tellefsen. For TV2 leidde han vekesprogrammet Snaddermat for 2 frå hausten 1993, og for NRK var han med som kokk i Kokkekamp i fleire episodar frå 1998 til 2003. Bruun figurerte også i fleire utgåver av Fjernsynskjøkkenet og vart portrettert i boka Ingrid og hennes kokker av Ingrid Espelid Hovig.
Han har også delteke i Kokke-OL, både i 1988 og i 1992 og fått fleire medaljar der. Han har også hatt ei aktiv rolle på Morellfestivalen på Lofthus i Hardanger.[2]
Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]
- Julekaker og juleknask med Trude Monssen. Bidrag til fembinds-verket Jul i Norge (Cappelen, 2005).
- Den store boken om sjokolade (Orfeus, 1997)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Forlater Continental». Aftenposten. 7.4.2001.
- ↑ Om Morellfestivalen, arkivert frå originalen 27. januar 2011, henta 4. mai 2011
- Denne artikkelen er omsett frå «Hans Robert Bruun» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mai 2011.