Hans Sande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans Sande i samtale med Bjørn Arild Ersland Foto: Bergen Offentlige Bibliotek
Hans Sande
Fødd 20. desember 1946 (70 år)
i Bergen
Yrke Psykiatar, forfattar
Periode 1969-
Debut Strime
Nettstad www.hans-sande.com/

Hans Sande (fødd 20. desember 1946 i Bergen)[1] er ein norsk forfattar. Han er utdanna lege med psykiatri som spesialfelt. Han debuterte i 1969 med diktsamlinga Strime, som han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Hans Sande har skrive 40 bøker, både romanar, diktsamlinger og ei rad bøker for barn og ungdom, som oftast på nynorsk. Hans Sande har motteke fleire prisar for bøkene sine og er omsett til fleire språk. Som biletkunstnar har han illustrert fleire av barnebøkene sine. I 2007 kom han med på Vestlandsutstillinga med fotografiet "Snøliv", og same år synte han to skulpturutstillingar: "Brest i bringo", torsoar i tre og metall, Galleri Giga, Leirvik. "Kjælne kjevler og tomme hender", treskulpturar, Galleri G Guddal, Rosendal. Det siste er eit surrealistisk prosjekt i grenselandet mellom kunsthandverk og skjønnlitteratur[treng kjelde], og skal synast på Norsk Skogmuseum i 2008.

I 2011 gav han saman med illustratøren Silje Granhaug ut biletboka Pappa er sjørøvar. Boka handlar om Tuva og far hennar, som røvar ein sjø i Finland og køyrer vatnet til ein flyktningleir i Palestina.[2] Den israelske ambassaden i Oslo sende klagebrev til Utanriksdepartementet om boka.[3] Sidan sende ambassadøren også klagebrev til kulturministeren.[4]

Hans Sande bur i Førde i Sunnfjord.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker for vaksne[endre | endre wikiteksten]

  • 2008 – Kjælne kjevler og tomme hender : samspelet mellom menneske og kjevler i fortid og samtid (Førde: Penna) . ISBN 978-82-8212-006-7

Bøker for barn og ungdom[endre | endre wikiteksten]

  • 2001 – Fuglejenta (Oslo: Gyldendal Tiden) . ISBN 82-05-29508-5  [Illustrert av Harald Nordberg]
  • 2002 – Arkimedes og rulletrappa (Oslo: Gyldendal Tiden) . ISBN 82-05-30308-8  [Illustrert av Gry Moursund]
  • 2006 – Arkimedes i Prompeland (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-34417-5  [Illustrert av Gry Moursund]
  • 2010 – Hopp i havet, Elise! (Oslo: Cappelen Damm)  [Teikna av Åshild Irgens]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1990 – Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi (Naustdal: Sogn og Fjordane Forlag) . ISBN 82-90576-13-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Dikt av Hans Sande, s. 174-175]
  • 2003 – Barnebokskatten : nynorsk dikting for barn gjennom 120 år. 3. Dikt og biletbøker (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5806-4  [Av innhaldet: Dikt av Hans Sande]
  • 2008 – Les for meg! (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7179-2  [Av innhaldet: Arkimedes og brødskiva / Hans Sande]
  • 2010 – Her er so fagert ved høge lid : diktning og diktarar frå Naustdal og Vevring (Naustdal: Naustdal sogelag) . ISBN 978-82-91462-06-6  [Av innhaldet: Saft / Hans Sande, s. 107-109]
  • 2011 – Jeg fant, jeg fant! : dikt for barn (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-41674-1  [Av innhaldet: Jada / Hans Sande]
  • 2014 – Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-086-2  [Av innhaldet: Julefeiring på Mars / Hans Sande]
  • 2015 – Ren poesi (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-48625-9  [Av innhaldet: Tomt, heilt tomt / Hans Sande]

Dramatikk[endre | endre wikiteksten]

  • Hyttekoz 2009

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hans Sande (20.12.1946)». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum). Vitja 04. juli 2016.
  2. Linn T. Sunne (11. juni 2011). HANS SANDE og SILJE GRANHAUG: Pappa er sjørøvar. Oppland Arbeiderblad.
  3. Barnebok får den israelske ambassaden til å sjå raudt. nrk.no (22. september 2011).
  4. Israel raser over støtte til bok. nrk.no 3. desember 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]