Hans Seip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Seip
HansKristianSeip1881.jpg
Fødd6. november 1881
Røyken
Død25. mars 1945 (63 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Avholdspartiet
Yrkepolitikar, ingeniør
BarnJens Arup Seip
VervFylkesmann i Sogn og Fjordane 1930-1941
FøregangarIngolf E. Christensen
EtterfylgjarVidar Atne

Hans Kristian Seip (fødd 6. november 1881 i Røyken, død 25. mars 1945 i Lærdal) var ein norsk politikar som representerte Venstre og Avholdspartiet. Han var opphavleg frå Røyken, men flytta til Bergen i 1915.

Hans Kristian Seip tok eksamen ved Kristiania tekniske skule i 1900 og studerte i Sveits 1902-1903. Han jobba for Statens vegstell frå 1900 til 1915, vart tilsett som avdelingsingeniør i Bergen i 1915 og tok til i stillinga som vegsjef i Bergen i 1921.

Seip var ordførar i Bergen for Avholdspartiet mellom 1923 og 1924, og mellom 1925 og 1930 var han vararepresentant til Stortinget for Venstre. I 1929 vart han tilsett som fylkesmann i Sogn og Fjordane, ei stilling han hadde til han vart avsett av den tyske okkupasjonsmakta i 1941. Seip var òg stortingsrepresentant frå 1934 til han døydde i 1945.

Det står ein minnestein på grava til Hans Seip i Fjærland. Denne vart reist og avduka søndag, 19. juni 1949.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]