Hans Seland
Hans Seland | |
![]() | |
Fødd | 5. mars 1867 Nes i Vest-Agder |
Død |
30. juni 1949 (82 år) |
Yrke | skribent, barnebokforfattar, politikar |
Hans Andreas Johannesson Seland (5. mars 1867–30. juni 1949) var forfattar og bonde frå Seland i Nes ved Flekkefjord. Han debuterte som forfatttar i 1890 med Ungdom : Espen sine songar. Frå vinteren 1893 arbeidde han som bladmann i Nordmannen i Oslo, og slo då gjennom som forteljar. Dei neste åra arbeidde han heime på garden vår og sommar. Ofte reiste han på forteljar- og foredragsferder om hausten og var heime og skreiv på vinterstid. Det vart både barnebøker, bygdelivsskildringar, «skjemtesoger», artiklar og brosjyrer, songar og salmar - 32 bøker i alt.
I 1903 fekk Hans Seland staten sitt forfattarstipend for å reisa til Amerika. I 1925 var han utsending frå Norges Bondelag til 100-årsfeiringa for norsk utvandring til Amerika.
Verk[endre | endre wikiteksten]
Romanar, forteljingar og diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]
- Ungdom : Espen sine songar (1890)
- Ein liten gut (1891)
- I straumen : forteljing (1892)
- Ei bergpreike og andre småstykke (1893)
- Inger : ein sumardraum (1894)
- Lyngkvistar : nye smaastykke (1895)
- Søren Lande : bygdeliv paa Vest-Agder (1895)
- Trældoms kaar (1896)
- Andror (1898)
- Eikeli (1899)
- Synkvervd (1902)
- Høgsumar (1903)
- Øygarden : forteljing (1905)
- Stinar Aasland : ei soga fraa fyrste helvti av fyrre hundreaaret (1906)
- Bureising (1909)
- Tvo herrar (1911)
- Eirik Jonsvoll (1914)
- Eikelifolket : ei soga fraa 1860-80-aari (samleutg. av Andror og Eikeli) (1916)
- Helg : 24 salmar (1919)
- Vegvill (1917)
- Gard og grunn (1919)
- Arbeidsmann (1922)
- Einbøling : ei soga (1923)
- Eventyret : ei utvandrarsoga (1926)
- Visdomskalender : ord for livet (1936)
- Dikt til framseiing : eigne og omsette (1943)
- Tore Herdal (samleutg. av Synkvervd, Tvo herrar og Vegvill) (1966)
Humor[endre | endre wikiteksten]
- Kvinnfolk og karar (1892)
- Hikstorier (auka utg. av Kvinnfolk og karar) (1893)
- Seiande segner um folk og hendingar etter Søren Lande og andre truverdige sogumenner (1900)
- Bygdefolk (samleutg. av Hikstorier og Seiande segner...) (1907)
- Nye skjemtesoger (1920)
- Morostubbar (1942)
Barnebøker[endre | endre wikiteksten]
- Prinsesse Gullsko og systrene hennar : forteljing for smaaborn (1901)
- Dagros og andre dyr : sogor for born (1907)
- Reidar unge : smaasogor (1910)
- Ivar den spake : smaasogor (1916)
- (Rosing, H.: Fyrste boki aat barnet : stavebok for skule og heim ved Hans Seland (1908)
Fagbøker[endre | endre wikiteksten]
- Um Amerika og frendefolket i Vesterheimen (1904)
- Frukthagen (i samarbeid med H. Nordby Olsen) (1908)
- Aar og dagar (sjølvbiografi) (1931)
- Hetlesaka som gjekk i 40 år : Noregs raraste rettssak (1947)
- Selands-ætta : Seland i Nes, Vest-Agder (i samarbeid med Serena Seland) (1958)