Hans Sivert Jacobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Hans Sivert Jacobsen
Fødd 3. august 1836
Død

28. juni 1901

Hans Sivert Jacobsen (13. august 183628. juni 1901) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Hidra i Vest-Agder. På tinget representerte han Venstre.

Jacobsen var son til ein gardbrukar. Åra 1852-56 var han handelsdreng i Flekkefjord, åra 1856-58 gjekk han handelsskule i Drammen. Deretter arbeidde han hos ein kjøpmann i Drammen i fire år, frå 1863 dreiv han eigen handel i Flekkefjord.

Jacobsen var medlem av bystyret i Flekkefjord frå 1869, ordførar var han 1888-89. Han var sparebankdirektør 1873-81 og frå 1891. Periodane 1880-82 og 1883-85 var han Flekkefjord sin varamann til Stortinget. Valbolken 1898-1900 var han byen sin representant på tinget, der han var medlem av Lagtinget og av gasje- og pensjonskomiteen.

Sommaren 1901 døydde han i Nes ved Flekkefjord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]