Hans Strøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Strøm

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. januar 1726
Ålesund kommune
Død

1. februar 1797 (71 år)
Hokksund

Yrke prest, topograf og naturforskar
Medlem av Kungliga Vetenskapsakademien, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Hans Strøm på Commons

Hans Strøm (25. januar 17261. februar 1797) var ein norsk prest, topograf og naturforskar. Han er særleg kjend som forfattar av det topografiske tobandsverket kalla Søndmørs Beskrivelse. Dette verket etablerte Strøm brått som ein leiande vitskapsmann i Noreg.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hans Strøm var son til presten i Borgund prestegjeld på Sunnmøre, og var fødd og oppvaksen i prestegarden der. Foreldra hans var Peder Olsen Strøm (1682–1741) og Gunhild Susanna Hagerup (1687–1764). Han var onkel til Hanna Winsnes og søskenbarn av Melchior Falch si andre kone.

Faren Peder var prest i Borgund då Christian VI hadde eit opphald på Brunholmen under reisa langs kysten. Peder Strøm og Christian hadde studert saman i Wittenberg, og dei to møttest igjen der på Brunholmen.[1]

Strøm øvde seg i barneåra opp til å verte flink å teikne. Med hjelp frå huslæraren Knud Sandshavn fekk han også interesse for boklege syslar.

I 1741, same året som faren døydde, flytta Hans og tvillingbroren Ole til Bergen for å gå på katedralskulen i byen. Etter to år der byrja tvillingbrørne å studere ved Universitetet i København. Dei tok eksamen i 1745. Hans Strøm flytta då tilbake til Borgund. Ved sida av å virke som huslærar, fordjupa han seg i boksamlinga etter faren. Emne som filosofi og moral la han særleg vinn på å setje seg inn i. I 1750 fekk han stilling som kapellan i Borgund prestegjeld, under Augustinus Meldahl (faren sin etterfølgjar i embetet). Han var kapellan hjå Meldahl i 14 år.[2]

Strøm skaffa seg Erik Pontoppidan sitt verk Det første Forsøg paa Norges naturlige Historie då dette kom i 1752 og –53. Straks etter fekk han tak i skrifter av svensken Carl von Linné. Dette vekte interessa for naturvitskap, og for historiske tilhøve.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Sommarfuglen Anania funebris blei skildra av Strøm i 1768.
Foto: Halvard Hatlen
Minnesmerke over Hans Strøm ved Haug kyrkje i Øvre Eiker:
«Minde Af den Retskafne Olding Doctr og Professor Hans Strøm. Stor i Natur Læren, Medlem af mange Lærde Selskaber i Europa. Fød i Borgen i Bergens Stift Den 25de Januar 1726, Død Sogne Prest paa Eger den j. Febr 1797. Fred og Hæder ved Denne Ædles Støv».

Som yngste prest i kallet hadde han i oppgåve å gå på husbesøk, dessutan var Borgund vinterstida prega av tilflytta bønder frå fjordbygdene på Sunnmøre som tok del i fisket. Strøm fekk slik ei stor kontakflate med folk frå eit vidt område. Dette kom til nytte når han sette seg føre å skrive eit topografisk verk. Han forstod at emnet «ey kunde læres i et Studer-Kammer, men at man maatte have Tingene for Øyne og foretog sig derfor at vandre allevegne om og besøge de lengst fraliggende Vraaer» [=avkrokar].

På 1750-talet tok Strøm òg initiativ til restaurering av Giske kyrkje som hadde forfalle etter reformasjonen. Restaureringa vart gjennomført av den nye[3] eigaren Hans Henrik Holtermann i 1756.[4] Holtermann var gift med søskenbarnet til Strøm.

Før band to av Søndmørs Beskrivelse kom i trykk, vart Hans Strøm i 1764 utnemnd til sokneprest i Volda prestegjeld på Søre Sunnmøre. I Volda las den femten år gamle Sivert Aarflot til konfirmasjon hos kapellanen til Strøm, Claus Frimann, den seinare kjende diktarpresten.[5] Truleg var både Frimann og Strøm viktig inspirasjon for den unge Aarflot.[6] Eit par generasjonar seinare var det Ivar Aasen som fekk inspirasjon frå Sivert Aarflot sit boksamling.

Stillinga i Volda hadde han til 1779, då han vart sett til sokneprest i Eiker i Buskerud. Dette kallet hadde han ikkje søkt, men han tok imot utnemninga. Eiker var eit av dei største prestekalla i landet, og dermed økonomisk innbringande.

Strøm gav ut fleire mindre skrift over religiøse emne. Ein huspostill; Prædikener over alle Søn- og Festdages Evangelier til Andagtsøvelser for Almuen, har nådd lengst ut av dei publikasjonane som omhandla kristendomen. Kristensynet hans vart lite påverka av samtidig religionsforskning og -undervisning. Han vart verande ein pietist og formana kyrkjelyden til bøn og bot og ein einfeld levemåte. På sine eldre dagar uttrykte han meir konservative haldningar i religiøse og samfunnsmessige spørsmål, og ville til dømes innskrenke ytringsfridommen.[2]

Forsking[endre | endre wikiteksten]

I 1756 tok Strøm systematisk til å notere ned opplysningar etter observasjonar som han sjølv gjorde, og han skreiv ned slikt han høyrde ute mellom folk. Teikneevna kom han mykje til nytte når han skulle forklare ulike tilhøve. Det han fann viktigast samla han i ei notisbok; Annotations Boog over de Merkværdigheder som udi Syndmørs Fogderie forefindes. På få år sanka han seg ein både brei og grundig kunnskap om naturtilhøva over heile Sunnmøre. Samlararbeidet vart i hovudsak avslutta i 1759.

I 1762 kom boka Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør. Verket er ei allmenn framstilling om naturen på Sunnmøre, og om det naturbaserte næringslivet. Boka tek til med ei geografisk plassering og skildring av futedømet, og om geologien. Deretter, i fire ulike kapittel, tek han for seg vekstar og dyr i naturleg tilstand. Kapitla 6-9 omtalar ymse greiner av næringslivet, og om det som ein i dag vil kalle samferdsle. Siste kapitlet i boka handlar om innbyggjarane og om leveviset deira. Boka er presentert på fransk i Journal de l'agriculture, du commerce, des arts et des finances] (1771, mars, s. 170-175).[7]

Andre del av verket kom i 1766. I dette er framstillinga ordna etter dei ulike prestegjelda på Sunnmøre. Boka vart sluttredigert av broren Ole Strøm.

I 1763 vart Strøm «korresponderande» medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. I 1764 vart han innvotert medlem av Det Kgl. Videnskapers Societet i København. Seinare vart han også medlem av liknande svenske og tyske selskap, mellom anna Kungliga Vetenskapsakademien.

Verket hans, som oftast vert omtala som Søndmørs Beskrivelse, vart allereie i samtida rekna som det ypparste av sitt slag. Det har kome i fleire opplag. Siste gongen va i 2002, då for fyrste gong med latinske bokstavar (tidlegare utgåver var prenta med gotisk skrift).

Sjølv om han hadde lovd seg sjølv ikkje å gå i gang med ei stor oppgåve á la Søndmørs Beskrivelse, fullførte han eit nytt topografisk verk etter flyttinga til Eiker. I 1784 kom Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Egers Præstegield. Strøm var mindre kjend i dette distriktet, og verket er ikkje så grundig gjennomført som Søndmørs Beskrivelse.

Han gav elles ut nokre mindre avhandlingar, særleg innan zoologi. Av andre verk kan ein nemne Tilskueren paa landet, I-II, (1775-76).

I 1773 vart Syndmøre practiske Landhuusholdningsselskab (det første «landhusholdningsselskap» i landet) skipa med sorenskrivar Melchior Falch og Hans Strøm i spissen.[8][9] Selskapet stagnerte ei tid då Falch og Strøm forlét Sunnmøre i 1779.

Strøm tok i 1790 den teologiske doktorgraden dr.theol. med ei avhandling om urkristendommen.

I 1796 testamenterte han boksamlinga si til den Deichmanske stiftelse, forløparen til Deichmanske bibliotek. Han hadde kring to tusen band då han døydde.[10]

Minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

I 1970 gav postvesenet ut eit frimerke med eit portrett av Strøm. Eit av husa på Høgskulen i Volda har namn etter forskarpresten.

Ved Haug kyrkje i Eiker står ei støtte til minne om Strøm.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Annotations Boog over de Merkværdigheder som udi Syndmørs Fogderie forefindes indrette[t] Anno 1756. Volda 1997
  • Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør. I-II. Sorøe. 1762 og 1766.
  • Tilskueren på Landet (to band, 1775)
  • Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Egers Præstegield. 1784.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ekroll, Knut (1918): Brunholmen i Aalesund og kongeparrets opphold der 1733. Tidsskrift for Sunnmør Historiske lag. 1916-1917. 8-9de aargang. Utgitt i Aalesund.
  2. 2,0 2,1 Larsen, Stein Ugelvik (2001): Innledning til Søndmørs Beskrivelse.
  3. Om Giske kyrkje på nettstaden til Giske kyrkjelyd, lese på nett 3. mars 2013.
  4. Giske kyrkje på kyrkjebyggdatabasen lese på nett 2.mars 2013.
  5. Sulebust:Opplysningsmannen Sivert Aarflot, Gavlen nr. 1, 1999, s.16
  6. Bruaset, Oddgeir (1999): Sunnmøre og sunnmøringen. Det norske samlaget.
  7. Journal de l'agriculture ved dictionnaire-journaux
  8. Døssland, Atle (28. september 2014). «Melchior Falch». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  9. Solli, Gunnar (1931): Møre Landbruksselskap 1831-1931. Utgjeve av selskapet. Molde.
  10. Sunnmørsposten 23. april 1997.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur