Hans Svendsgård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Svendsgård
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. juli 1937
Meløy
Død

15. juli 1996 (58 år)

Yrke politikar, fiskar
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Hans Svendsgård (19. juli 193715. juli 1996) var ein norsk fiskebåtreiar og -skipper frå Meløy. Han representerte Nordland fylke og partiet HøgreStortinget i tida 1981-89.

Svendsgård var son til ein fiskebåtreiar. Sjølv gjekk han etter realskule 1951/52 om bord i fiskebåten, før han tok eksamen ved maskinistskule i 1955 og skipperskule 1956. Frå 1958 til 1981 var han skipper på eigen fiskebåt.

Gjennom 1970-åra engasjerte Svendsgård seg i politikken, mellom anna som kommunestyrerepresentant i Meløy perioden 1972-75. Han var 1971-74 medlem og 1974-82 formann i Notfiskarsamskipnaden. Åra 1979-84 var han elles styreformann for Bodø-avdelinga i Statens Fiskarbank.

Hausten 1981 vart Svendsgård vald inn på Stortinget frå Nordland, og han vart attvald i 1985. På Tinget hadde han alle åtte sesjonane plass i Sjøfarts- og fiskerikomiteen, leiar av komiteen frå 1985 til 1989.

Etter han gjekk ut av Stortinget, var Svendsgård fiskerisjef i Nordland frå 1990 til han døydde i 1996.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]