Hans T. Gunheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans T. Gunheim
Fødd31. august 1847
Modum
Død13. juni 1925
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Hans Torkildsson Gunheim (31. august 184713. juni 1925) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Nes i Telemark. Han var tingmann for partiet Venstre.

Gunheim var son til ein gardbrukar. Han gjekk ut frå Solum lærarskole i 1866 og var i 1867 lærar i Modum og 1868 i heimbygda. Åra 1870-75 var han på ny lærar i Modum, der han frå 1871 dreiv garden Bergan.

Gunheim var medlem av heradsstyret i Modum i om lag 28 år, nokre år som ordførar. Han var også skulestyreformann, medlem av amtsutvalet og valmann. I fleire år var han formann i Buskerud Venstre.

Gunheim var 1. varamann frå Buskerud til Stortinget 1892-94, og møtte heile perioden i staden for Christoffer Jellum. Han var då medlem av kyrkjekomiteen. Valperioden 1898-1900 var han 3. representant frå same amtet, med sete i kyrkjekomiteen.

Sommaren 1925 døydde han på garden sin i Modum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]