Hans Thøger Winther
Hans Thøger Winther | |
![]() | |
Fødd | 22. januar 1786 Thisted |
Død |
10. februar 1851 (65 år) |
Yrke | fotograf, forretningsdrivande |
Hans Thøger Winther på Commons |
Hans Thøger Winther (fødd 22. januar 1786 i Danmark, død 10. februar 1851) var ein norsk forleggar og boktrykkar og ein pioner innan fotografi.
Han starta i 1822 ein forlagsbokhandel, og seinare eit eige bok- og steintrykkeri. Han deltok mellom anna i utgjevinga av det illustrerte Norsk Penning Magazin og den første illustrerte bibelen i landet. Winther utvikla tre ulike metodar til fotografisk gjengjeving, og utgav den første fotoboka i Noreg, Anviisning til paa trende forskjellige Veie at frembringe og fastholde Lysbilleder paa Papir (1845), ein av dei første bøkene i verda innan området. Arbeidet hans fekk liten innverknad, sidan det var daguerreotypien og kalotypien som kom til å danne grunnlaget for den vidare utviklinga til fotografiet.