Hans Meinich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hans Thomas Meinich)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Meinich
32558 Hans Thomas Meinich.jpg
Fødd 31. januar 1819
Søndre Land
Død

7. juni 1878

Yrke politikar

Hans Thomas Meinich (31. januar 18197. juni 1878) var ein norsk embetsmann og politikar. Han var amtmann i Kristians amt frå 1869 til 1878. Meinich representerte same amt på Stortinget 1857-58.

Meinich var fødd i Sedal ved Fluberg i Land i Oppland, der faren Jens Christian Meinich var fut (fogd). Hans Thomas var bror av industrimannen Jørgen Henrik Meinich. Sonen Jørgen Herman Meinich var også jurist, politikar og embetsmann.

Sjølv vart han student i 1839 og cand. jur. i 1844. Åra 1846-52 var han sorenskrivarfullmektig i Hadeland og Land, deretter i tre år fullmektig hos faren, futen. Sjølv fut i Valdres 1856-60. Utnemnd til amtmann i Søndre Bergenhus i 1860, flytta i 1869 over til tilsvarande embete i Kristians amt. Meinich var onkel av politikaren og embetsmannen Jens Bratlie.

Amtmann Meinich budde på Lillehammer. I Lillehammers byhistorie skriv Trond Feiring at Meinich var Lillehammers representant i den «Gudbrandsdalske jernbanekomité», som arbeidde for jarnbanesamband mellom Lillehammer og Romsdalen. Han vart vald til stortingsmann for Kristians amt 1857 og deltok på omframstortinget 1858, sekretær i Odelstinget begge sesjonane, sekretær i jarnbanekomite nr 1. I 1869 avslo han eit tilbod om å ta sete i regjeringa.

Meinich var medlem av fleire kommisjonar; 1858 om skysslova, 1874 jarnbanekommisjonen, 1858 formann i kommisjonen om kjøpstad på Oplandene og i 1872 av hovudmatrikkelkommisjonen. I 1866 var han medlem av unionskomiteen.

Meinich døydde i Land i 1878. Eit år etter han døydde, i 1879, vart ei gate på Sandaker i Kristiania kalla opp etter han, Amtmann Meinichs gate.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Feiring, Trond: Lillehammer og Fåbergs historie 2 : Byen og bygda. Materiell vekst og kulturell blomstring, Lillehammer 2004, s. 284 og 333.
  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • NSD (biografi)
  • Oslo byleksikon, fjerde utgave, Oslo 2000.
  • Eva Knudsrød: «Meinich-familien i Horten og Borre», Borreminne 1996