Hans Torgersen Vestby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Torgersen Vestby

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mars 1862
Død

26. juli 1927 (65 år)

Hans Torgersen Vestby (6. mars 186226. juli 1927) var ein norsk gardbrukar frå Vestby i Strømmen, kjent for i 1895 å ha konstruert og bygd den fyrste norskproduserte bilen.[1][2][3] Dette kan ha vore det fyrste køyretøyet med stempelmotorar med innvendig forbrenning konstruert i Norden.[2][4]

Her har teiknaren Trygve Krogsæter skildra køyreturen frå Strømmen til Kristiania slik han var omtala i Aftenposten den 24. oktober 1895.

Fleire kjelder[2][4][3] siterer ein artikkel i Aftenposten den 24/10-1895, der det stod at bilen vart driven av ein petroleumsmotor og at han i tillegg til føraren hadde plass til fire passasjerar. Passasjerane sat i ein kupé, medan føraren sat framom kupéen. Ordet bil fanst ikkje på denne tida og Vestby kalla køyretøyet eit landeveislokomotiv. Farten vart oppgjeven til 2 mil per time (20 km/t).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Greetland, P., Bilens historie: Bilismens utvikling i Norge og en kronologisk oversikt over bilens historie, Kongelig norsk automobilklub, 1951.
  2. 2,0 2,1 2,2 Motormuseet og industrihistorien langs Sagelven, Skedsmo kommune.
  3. 3,0 3,1 Norges første bil, Localhistoriewiki.no. (vitja 6/4-2013)
  4. 4,0 4,1 Vestmo, B., Glemte Norges første bilbygger Arkivert 2009-05-20 ved Wayback Machine., Adressa.no, 25/1-2006.