Hans Wenneberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Wenneberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. september 1804
Kragerø kommune
Død

28. mai 1878 (73 år)
Kragerø kommune

Yrke politikar, forretningsdrivande
Språk norsk

Hans Biørn Wenneberg (17. september 180428. mai 1878) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann, fødd og død i Kragerø.

Wenneberg var son til ein kjøpmann i Kragerø. Sjølv lærde han seg til snikkar i København, og tok borgarskap i heimbyen som snikkarmeister. Sidan tok han opp både kjøpmannsverksemd og var skipsreiar.

Wenneberg var medlem i Kragerø bystyre frå 1837 til 1868, ordførar 1855 og -56, varaordførar 1857. Han var elles brannmajor i Kragerø og hadde mange andre tillitsverv. Både i 1848, 1851 og 1854 vart han vald til å representere Kragerø på Stortinget, der han i 1848 var medlem i Kyrkjekomite nr 2, 1851 i Kyrkjekomiteen og 1854 i Bankkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]