Hans Westfal-Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Westfal-Larsen
Hans Westfal-Larsen.jpg
Fødd 30. april 1872
Bergen
Død

7. oktober 1936
Helsingør

Yrke reiar

Hans Peter M. Westfal-Larsen, heitte opphavleg Larsen, namnet endra i 1902; (fødd 30. april 1872 i Bergen, død 7. oktober 1936 i Helsingør) var ein norsk skipsreiar.

Larsen hadde mellomskule og handelsskule då han i 1889, 18 år gammal, byrja som kontorist i reiarlaget Rasmus F. Olsen. Han vart etter kvart medeigar i ein del av skipa i reiarlaget, og i 1905 lukkast han å skaffe nok kapital til å kontrahere det første skipet sitt. Han slutta då snart hos Olsen og dreiv ein periode som disponent for stadig fleire skip. Verksemda ekspanderte, og like etter at første verdskrigen var over, stifta han aksjeselskapet Westfal-Larsen & Co.

I 1926 starta Westfal-Larsen linjefartSør-Amerika, og i 1930 oppretta han Interocean Line, som segla mellom Europa og Stillehavet. På denne tida var reiarlaget det nest største i Noreg; og det største innan tankfart. Då Westfal-Larsen døydde i 1936, disponerte reiarlaget i alt 30 skip.

Westfal-Larsen hadde ei rekkje tillitsverv innan reiarorganisasjonane, både i Bergen og nasjonalt. Han var president i Norges Rederforbund frå 1924 til 1927.

Han vart utnemnt til riddar av St. Olavs Orden i 1928 og var kommandør av Dannebrogordenen.

Westfal-Larsen var grunnleggjar av H. Westfal-Larsen og hustru Anna Westfal-Larsens Almennyttige Fond.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]